Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta ordet, men når det drar seg sånn til, har eg lyst til å seia at vi har hatt ein del debattar i denne salen som har gått litt på kryss og tvers, men i denne saka er eg veldig glad for at vi ikkje har ein helseminister frå FrP eller frå Høgre. Eg vil støtta den kampen det alltid er å stå i ein alkoholdebatt, for ein blir alltid framstilt som at ein er bakstreversk viss ein ikkje vil utvida eller liberalisera. Korleis oppfølginga av det som er sendt ut på høyring, vil skje, får vi koma tilbake igjen til. Eg synest iallfall at det er eit betre forslag enn det frå FrP, for det er mykje meir innstramma, men vi har som sagt ikkje tatt stilling til det. Eg er òg bekymra for kva signalverdi denne debatten har ut til folket. Det kan verta oppfatta sånn at vi meiner at fotball og alkohol er veldig viktig, og at vi må leggja til rette for det. Det er eit paradoks når ein iallfall i barneidretten er veldig opptatt av at det skal vera idrett utan alkohol, vi skal ikkje drikka alkohol på Norway Cup, heller ikkje foreldra, og vi skal vera gode førebilete. Så blir det ein stor debatt om VM, og det handlar om korleis vi skal få drikka alkohol når vi ser på kampane. Eg synest altså det er ein litt lei debatt, uavhengig av sak. Eg må òg seia: Ja, eg er spesielt interessert i denne saka, og det er eg fordi eg har tatt meg av det som er skuggesidene av ein utvida skjenkepolitikk. Eg hadde min første legejobb på Bergen legevakt, eg har jobba på ambulansen, eg har jobba i akuttmottak, og eg trur folk flest ikkje anar kor mykje elendigheit som kjem av overdriven skjenking og alkoholrus. Det er elendigheit både sosialt og for den enkelte, og det har påverka meg i skjenkepolitikken. Eg sat ein gong òg i Bergen bystyre og blei meir restriktiv om skjenketidene enn kva KrF var, for eg har sett baksidene ved dette. Difor er eg veldig for at vi framleis må ha ein restriktiv skjenkepolitikk, for det handlar om solidaritet med dei som ikkje klarer å takla alkoholbruken sin – og dei er det veldig, veldig mange av – og ikkje minst med barn og unge. Vi kan diskutera kven som har den mest liberale eller mest restriktive skjenke- eller alkoholpolitikken her. Samtidig er det jo slik at når Høgre snakkar om modernisering av alkoholpolitikken, og så skal dei ha meir behandling, då er det ingen frå den sida som snakkar om korleis ein skal førebyggja alkoholrelaterte skadar. Det er det denne saka handlar om, iallfall for meg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
