Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Noreg har eit godt offentleg helsevesen, og sjukehus i heile Noreg har vorte bygde opp som ein plass og ein bygnad som gir pasientar tryggleik for liv og helse der dei bur. Men sjukehusbygg har òg si levetid, og fornying er viktig og nødvendig. Nokre plassar klarer ein å byggja nye sjukehus på eksisterande areal, og andre plassar vert det bygd opp heilt nye sjukehus på nye areal. Sjukehusbygg er milliardinvesteringar, og sjølv om det i dag er ei lånefinansiering, og sjølv om helseføretaka står som byggherre, er sjukehusbygg i botnen 100 pst. offentleg finansiert. Eit sjukehus som vert bygd i dag, må byggjast for framtida. Likevel har nye sjukehus i fleire år vorte møtte med frustrasjon og kritikk for ikkje å ha nok kapasitet og for å vera for små frå den dagen dei vert opna. Det verkar heller ikkje som at ein klarer å læra av feil, og at nye sjukehus vert bygde etter den same malen, og at dei same feila går igjen. Ein feil som møter kritikk, er at kapasiteten til å ta imot pasientar er for liten. Mange nye sjukehus opplever at det kvar dag vert korridorpasientar, eller at ein forsøker å få pasientar vekk frå korridoren ved å leggja to pasientar inn på rom som er berekna for ein pasient. Vi veit jo godt at korridorpasientar og overfylte sjukehus er ein trussel mot pasienttryggleiken. Det er òg vanskeleg og ubehageleg for ein pasient å liggja bak eit forheng i ein korridor der mykje skjer og mange går forbi. Vi ser òg at nye sjukehus har for lite lagerplass, kontor og arbeidsplassar til dei tilsette. Slik vert korridorane brukte til lagringsplass, noko som er ein fare for tryggleiken. Det kan vera vanskeleg i ein situasjon der pasientar må evakuerast. At helsepersonell har for få kvilerom og arbeidsrom, er òg ein gjengangar, og kampen om ein kontorplass burde vore unødvendig i flunkande nye sjukehus. Det same gjeld kampen om ein garderobeplass. I Stavanger melder ein om aukande sjukefråvær, dårlegare effektivitet på operasjonar og veggar som vert rivne ned for å kunna overvaka fleire pasientar samtidig. Det har òg her vore ein stor debatt om måten ein finansierer nye sjukehus på. Finansieringsmodellen vi har i dag, er ein drivar for situasjonen vi har i dag, der nye sjukehusbygg ikkje vert fullfinansierte over statsbudsjettet, men der store milliardinvesteringar må takast ved å få til eit overskot på drifta. Sjølv om finansieringa kan vera ein drivar, er det òg grunn til å sjå på malen som nye sjukehus vert bygde etter. Sidan 2014 har vi hatt eit eige helseføretak som berre har til oppgåve å sørgja for at alle helseføretak byggjer sjukehus etter same modell, som skal vera basert på kunnskap, kompetanse og erfaring, slik at alle nye sjukehusbygg vert framtidsretta. Eg meiner det er grunn til å stilla spørsmål om Sykehusbygg HF verkeleg sørgjer for at nye sjukehusbygg vert bygde på den beste måten for pasientar og helsepersonell, og om det sikrar nødvendig beredskap. Saker om nye sjukehus som fører til at dei tilsette får det meir travelt og vert meir utslitne på jobb, om akuttmottak som vert bygde for små, om sjukehus som ikkje har areal til å handtera større ulykker, og om sjukehus som vert bygde utan tilfluktsrom, engasjerer mange. Det er oppsiktsvekkande at store statlege investeringar ikkje sørgjer for enkle ting, som å ha nok pauserom og garderobar til dei tilsette, og å hindra at pasientar må liggja på gangen. Statsråden har etter mi vurdering vore utydeleg på kva grep regjeringa ønskjer å setja i gang for å retta opp i feil, og ikkje minst for å sikra at ein ikkje byggjer nye sjukehus med dei same utfordringane som ein ser no. Spørsmålet mitt er: Kva gjer regjeringa for å sikra at nye sjukehus har nok kapasitet for både pasientar og helsepersonell og for å vareta helseberedskapen i framtida?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
