Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 12. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Takk til statsråden for svaret. Det er viktig at når ein brukar pengane til skattebetalarane til å byggja store, nye og dyre sjukehus, må vi kunne forventa at dei fungerer på ein nokså tilfredsstillande måte, ut frå det behovet som er, og dei forventningane vi har til å vareta både pasientane, sjølvsagt, og dei tilsette, som er den aller knappaste ressursen i helsetenesta, når vi ønskjer at det offentlege helsevesenet skal vera den føretrekte arbeidsplassen. Det har vore for mange saker om nye sjukehus som ikkje rapporterer om det. Eg høyrer statsråden seia at han har tatt grep ved å gi føretaka i oppdrag å sikra at behova til medarbeidarane vert varetekne, inkludert pauserom, arbeidsrom og vaktrom, og at det skal vera reell medverknad. Men ein helseminister burde ikkje trenge å gi slike oppdrag. Det er mitt poeng. Når vi har eit helseføretak med 200 årsverk, Sykehusbygg HF, som er eigd av helseføretaka sjølve, burde ikkje ein helseminister ha trengt å gi beskjed om at ein må ha garderobeplassar til dei tilsette. Det er difor eg er bekymra for om dei vert styrte godt nok, og om ein lærer av dei feila som er gjort. Statsråden meiner at eg teiknar eit svært negativt bilde, basert på medieomtale. Det er klart at veldig mykje med dei nye sjukehusa er veldig bra – sjølvsagt er det det – men då har vi òg store forventningar til at det som er aller viktigast, fungerer bra. Eg har sjølv vore på akuttmottaket ved Drammen sjukehus, og eg har sett dei kombinerte pauseromma og arbeidsromma, og det gjorde eit sterkt inntrykk. Eg har vore på mange sjukehus, og eg har jobba på sjukehus, og akuttmottaket i Drammen er ikkje i tråd med det eg hadde forventa. Eg kan ikkje forstå at det kan gi den beredskapen som eit så stort, nytt og fint sjukehus må ha. Vi må hindra at slikt skjer i dei nye sjukehusa som no står for tur. Eg tenkjer da på Mjøsjukehuset og det nye sjukehuset her i Oslo. Ein må vera villig til å laga gode, nye planar, slik at den som er helseminister om ti år, slepp å gi dei same beskjedane til dei nye sjukehusa som da kjem, om at ein må hugsa på at dei tilsette treng ein plass til å eta matpakken sin.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat