Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 12. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Takk for innlegg og svar. Eg er glad for det statsråden har gjort for å kunna sikra at nye sjukehusbygg vert betre når det gjeld det vi veit er utfordringane no, bl.a. med nok rom til dei tilsette. Eg synest likevel det er litt tilfeldig. Det burde ha vore ein systematisk gjennomgang av kva lærdomar som finst frå dei nye bygga som no er opna, og om kva som bør endrast for dei bygga som er under planlegging, som Mjøssjukehuset og dei her i Oslo. Det har jo vore ei evaluering av Sjukehuset Østfold etter utbygginga der. Der stod det bl.a. at dei tilrådde at det måtte vera eigne pauserom for dei tilsette, i tillegg til kantine. Det var erfaringa frå Kalnes. Likevel klarer vi å byggja eit nytt sjukehus i Drammen som ikkje har eigne pauserom i tillegg til kantine. Da spør eg meg: Kvifor lærer vi ikkje av desse feila? Det er jo eigentleg ganske innlysande når det er ein stor arbeidsplass, at det må vera pauserom på ei avdeling. Det er mange gode grunnar til det. Vi veit at ein del av grunnen til dette er at rammene har vore for knappe. Det har vorte dyrare enn planlagt utan at finansieringa har gått opp, og så har ein måtta ta ned areal. Da har ein måtta verna pasientromma, og så har ein tatt arealet til dei tilsette. Sjølvsagt er òg finansieringsmåten for nye sjukehusbygg ein del av forklaringa på at vi har så arealknappe sjukehus når dei vert opna, og at vi får sjukehus der ein må ha venteliste for å få eit garderobeskap, osv. Eg er bekymra for at dei offentlege sjukehusa ikkje skal vera konkurransedyktige, viss eg kan seia det slik, og at korleis bygget er utforma, vert ein faktor for kor helsepersonell ønskjer å jobba, f.eks. i det private. Det er jo alvorleg når eit heilt nytt sjukehus fører til at sjukefråværet går opp. Ein kunne jo tru at sjukefråværet skulle gå ned, men det går altså opp. Så kan ein seia at det berre er midlertidig, men likevel. Det vert sagt at det har å gjera med utforminga og korleis bygget er, når dei må gå tre gonger så mykje i løpet av ei vakt, og at ein må kjøpa inn løparhjul osv. – det heiter vel sparkesyklar her i Oslo. Spørsmålet mitt er om statsråden vil gjera ei systematisk evaluering av dei bygga som no er oppførte.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat