Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Takk for svaret. Ei avvikling av urologitilbodet ved Ringerike vil bety ei stor svekking av lokalsjukehuset, når om lag 40 pst. av den kirurgiske aktiviteten på dagtid vil forsvinna. Det er flott å høyra at føretaket skal vurdera tilsvarande aktivitet, men det er ikkje bestemt, og det skal greiast ut. Det som er bestemt i føretaket, er at urologitilbodet skal forsvinna. Eg høyrer argumentasjonen om fagmiljøet, men det er jo spesielt at ein ikkje har vurdert å ha igjen nokon polikliniske tilbod i urologi, slik ein ser at ein får til andre plassar i landet. Vil statsråden vurdera om ikkje noko av urologitilbodet kan desentraliserast til Ringerike igjen?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
