Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er faktisk skuffa over svaret, for poliklinisk urologi er nettopp eit tenestetilbod som er fullt mogleg å desentralisera. Det er skuffande at det ikkje er ein plan om å ha nokon dagar i løpet av ein månad – ikkje det eingong kan ein planleggje for på Ringerike. Det tenkjer eg ein kunne ha gitt eit politisk styringssignal om å få til dersom ein ønskjer ei desentralisert spesialisthelseteneste i Noreg. Det eg òg er uroa over, er at det er sett i gong store prosessar når det gjeld funksjons- og oppgavefordeling, der ein ikkje seier at akuttfunksjonar eller fødetilbod skal liggja fast. Dette skapar uro for rekruttering til dette og andre lokalsjukehus, og eg vil spørja om statsråden synest det er i orden at føretaket lager så stor uro for kva tilbod som skal vera på Ringerike sjukehus i framtida.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
