Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg trur nok eg er meir uroleg enn statsråden over at vi har ein meldepraksis i tenestene som ikkje følgjer opp det som er det lovpålagde ansvaret, for eg kan ikkje forstå at dødsfall i fødselsomsorga ikkje er ei svært alvorleg hending som må varslast til Helsetilsynet. Og når det i 2024 berre vart varsla vidare i ein tredjedel av dei dødsfalla der det vart skrive avvik, kan eg ikkje forstå at det er grunn til å tenkja at dette er innanfor. No sa statsråden at han har endra meldeordninga – det var vel strengt tatt Stortinget som endra ho – men akkurat kva ein skal varsla, er det inga endring i. Det skal gå til statsforvaltaren i staden for til Helsetilsynet. Så kva gjer statsråden for å sikra ein betre meldepraksis i tenestene?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
