Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 25. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte onsdag den 25. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Ja – for den kartlegginga som VG har gjort, er jo i nær fortid, altså i 2023 og 2024, òg etter at Nasjonal helse- og samhandlingsplan vart fremja. Eg etterspør kva statsråden vil gjera etter denne nyheita. Vil statsråden i sin styringsdialog med helseføretaka generelt sjå på korleis praksisen er, og korleis han kan forbetrast? Og vil han føreta seg noko spesielt opp mot fødselsomsorga, som er det som er vorte kartlagt i VG? Grunnen til at eg meiner dette er så ekstremt viktig, er at om det ikkje vert meldt, kan ein heller ikkje lære av feil, og feil kan skje om igjen, så det er grunnleggjande viktig i helsetenesta vår at det fungerer etter intensjonen, og etter det lovene tilseier.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat