Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Takk for svaret frå statsråden. Eg følte det var litt informasjon om det som me allereie visste om på førehand. Eg blei litt overraska når statsråden eigentleg berre avfeiar og seier at me ikkje kan innføra fleire middel. Uansett vil eg bruka desse minutta til å løfta nokre punkt som er heilt avgjerande i denne diskusjonen, uavhengig av kva syn ein måtte ha på medisinsk cannabis. For det første: Det blir ofte sagt at ein manglar dokumentasjon. Det stemmer ikkje. Allereie i 2016 slo norske fagmiljø fast at ei gruppe pasientar kan ha nytte av cannabisbaserte legemiddel, og både WHO, FN og amerikanske helsemyndigheiter har anerkjent den terapeutiske verdien. Dette er altså ikkje eit område utan kunnskap, dette er eit område der Noreg ligg bak. Eg er einig i at me treng meir forsking, men me får ikkje ny kunnskap av å stoppa opp alt. Difor meiner eg at me treng ei nasjonal ordning med registerstudie, der pasientane blir følgde tett i samtid og under trygg medisinsk kontroll. Det er slik me byggjer opp det nasjonale kunnskapsgrunnlaget og står tryggare når nye val skal takast i framtida. For det andre: Det blir ofte sagt at fagmiljøa må løysa dette. Men fagmiljøa kan ikkje løysa noko før rammene er på plass. I dag manglar me nasjonale retningslinjer, ein samla strategi og eit regelverk som gjev lik praksis i heile landet. Dette kjem av politiske val, og då må det òg rettast opp politisk. For det tredje: Det blir vist til at me allereie har ei ordning. Men når talet på pasientar som får uregistrerte cannabisbaserte legemiddel har falle med 30 pst. sidan 2022, når pasientar må betala store summar sjølve eller mistar behandling som verkeleg hjelper dei, då er ikkje dette ei ordning som fungerer. Då er det eit system som sviktar dei som treng det mest. For det fjerde: Nokre fryktar sniklegalisering. Men erfaringane frå Danmark viser det motsette. Åtte år med regulert medisinsk bruk har verken gjeve meir rekreasjonsbruk eller lekkasje til den illegale marknaden. Det viser at dette kan gjerast trygt når systemet er riktig utforma. Og for det femte: tryggleik. Standardiserte cannabisbaserte legemiddel har ein kjend og handterbar biverknadsprofil. Me må vere ærlege: For svært mange pasientar er alternativet i dag opioid, benzodiazepin og Z-hypnotikum – legemiddel som kan gje avhengigheit, og som står bak mange utilsikta overdosedødsfall. At pasientar ikkje eingong får vurdera eit trygt alternativ, er vanskeleg å forsvara. Kjernen i dette er enkel: Me har pasientar med store smerter og udekte behov. Me har legemiddel som allereie er lovlege for to diagnosar. Dette handlar ikkje om cannabis, det handlar om menneske.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
