Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mar 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eg er veldig takknemleg for at statsråden har registrert at eg har vore aktiv i akkurat denne saka. Det skulle eigentleg ikkje vore nødvendig. I oktober starta veldig mange av oss som nye stortingsrepresentantar og har fått overveldande mange saker tildelt. Denne saka er vel den som kanskje har sett mest merke i oss, iallfall hos meg. Eg synest det er veldig flaut på vegner av min rolle som stortingsrepresentant å fordjupa meg i denne saka og sjå kor langt tilbake den har vore omtalt i denne salen og frå denne talarstolen. Det er noko djupt urettferdig i at dei som vart utsette for grove overgrep, framleis må leva med konsekvensane, mens staten framleis brukar tid. Dette handlar ikkje om gamle papir, det handlar om levde liv – om menneske som i årevis har vakna med angst, om menneske som ikkje klarar å stola på andre, om familiar som har sett livsgleda forsvinna. Det handlar om år med behandling, sjukmelding og kamp for å halda hovudet over vatnet. Og det handlar om venting. Dei venta då dei prøvde å varsla, dei venta då sakene vart lagde vekk, og dei venta mens nye pasientar vart utsette for det same. Og no ventar dei igjen – på staten. Det finst ei grense for kor lenge ein kan be menneske som er blitt øydelagde, om å vera tolmodige. Stortinget har gjort sitt. Det er vedteke at det skal koma ei ordning, og det er slått fast at dette krev eit særleg ansvar frå staten. Likevel står dei ramma framleis utan svar på det viktigaste: Når kjem oppreisinga faktisk? Eg var lukkeleg eit par sekund her i stad då eg følte at statsråden nesten gav lovnader om at det ville koma pengar i revidert budsjett, men som heilt ny på Stortinget er ikkje eg så veldig god til å lesa mellom linjene, slik enkelte har gjort, og difor er eg litt tilbake til det hakket eg var før statsråden svarte, der eg rett og slett må be statsråden om å vera meir presis, sånn at me éin gong for alle kan få landa denne saka og får sleppa å ha dette hengande over oss. Og «over oss» betyr ikkje berre for statsråden; det gjeld òg for oss som er på Stortinget. For dei som blei ramma, er ikkje dette politikk – det er livet deira. Eg håpar inderleg at statsråden ordnar dette før revidert budsjett.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat