Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Trygg økonomisk styring for kven? Kva er det som feilar dette landet, eller rettare sagt denne regjeringa? Dei fører ein politikk som gjer at landet i dag har kanskje verdas dyraste drivstoff, kanskje verdas dyraste straum, skyhøge skattar og avgifter, matvareprisar som ingen andre land kan sjå, og eit rentenivå som er skyhøgt. Og så snakkar ein om at det er trygg styring. Trygg styring for kven? Er det for staten? Er det staten denne salen er til for, eller er det faktisk for innbyggjarane? Det er innbyggjarane som er det viktigaste. Finansministeren snakka om rammer og trygg styring av økonomien, og at viss opposisjonen fremjar framlegg, går det den vegen høna sparkar, og viss Arbeidarpartiet gjer det stikk motsette, er det ingen problem. Kva for rammer snakkar ein om? Statsbudsjettet som vart lagt fram frå finansministeren har ei ramme med litt over 500 mrd. kr i oljeinntekter, med eit utgangspunkt på 67 dollar fatet med olje. I dag er prisen 107 dollar fatet – 107. Den har vore oppe på 119 dollar fatet, altså snart dobbelt så mykje som finansministeren la til grunn i ramma for oljeinntektene. Men gud forby viss denne salen bruker nokre milliardar til innbyggjarane. Det omtrent haglar inn milliardar per dag i ekstra inntekter til staten. Det er ikkje av betydning; ein kan altså ikkje bruke pengane. Når ein ser på statsbudsjettet i sin heilskap, er det ei ramme for kva ein skal bruke pengar på i dette landet. Men når det skjer ein situasjon som gjer at drivstoffprisane no er på over 30 kr literen, rammar det dei som har minst frå før, og det rammar næringslivet i heile Noreg brutalt. Vi høyrer om anleggsbedrifter og transportbedrifter som berre stoppar bilane sine fordi det ikkje er vits å halde på. Dei går konkurs viss dei køyrer. Vi høyrer om at det er dei rike som har elbilar. Det er ikkje dei som har lågast inntekter som har elbilar, som har råd til å kjøpe seg ny elbil. Dermed er det dei som har minst frå før, som må køyre med bensin- og dieselbilar, og som får den høgaste smellen når prisane er som dei er no. Så kva er det eigentleg som feilar dette landet? Staten vert rikare og rikare, og i takt med at staten vert steinrik, vert befolkninga og næringslivet fattigare og fattigare. Men vi har altså ikkje råd eller evne til å handtere ein situasjon som rammar næringslivet og innbyggjarane så hardt som han gjer no. Det er rett og slett umogleg å forstå. Kva er det som feilar landet? Kva er det som feilar denne regjeringa?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
