Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er litt synd at statsråden ikkje er i salen, men finansministeren har ved fleire anledningar sagt i dag at det berre er nokre hundrelappar som kjem til innbyggjarane, og ein får renteauke i fanget til mange tusen kroner. Eg må berre innrømme at eg er ganske lei av å høyre altfor mange gonger ganske arrogante statsrådar, og frå denne salen. Eg vil berre minne om at det etter § 75 i Grunnlova – det står klokkeklart – høyrer Stortinget til å fastsetje skattar, avgifter, toll og andre offentlege bører. Men det står også ein annan paragraf der, som heiter 82, og der står det: «Regjeringa skal gje Stortinget alle dei opplysningane som trengst for behandlinga av dei sakene ho legg fram. Ingen medlemmer av statsrådet må leggje fram urette eller villeiande opplysningar for Stortinget eller eit stortingsorgan.» Vi veit at Arbeidarpartiet, som Søreide heilt korrekt påpeiker, la fram noregspris dagen etter at Senterpartiet gjekk ut av regjering. Noregspris skulle koste 6–7 mrd. kr, 12 mrd. kr no i dei siste anslaga for 2025. Det var ikkje akkurat noka utgreiing som låg bak det, men i dag høyrer vi altså finansministeren som legg fram og nærmast truar fleirtalet i Stortinget om at det vert kraftige renteaukar viss vi vedtek å kutte avgiftene, som ligg til denne salen – ingen andre. Eg høyrer frå representantar frå Arbeidarpartiet, og også frå statsråden, det ein kan oppfatte som at ein ikkje ønskjer å gjennomføre det Stortinget her vedtek. Eg synest det er alvorleg, eg synest faktisk at det ikkje høyrer heime i denne salen. Eg vil at statsråden eller nokon frå regjeringa går fram på talarstolen og forklarar meg at når vedtaket er gjort her i Stortinget – det vedtaket er å setje ned avgiftene frå 1. april – blir det utført. For såpass må vi faktisk gjere på vegner av det norske folk, at vi fyller det regelverket og det som står i Grunnlova. Eg aksepterer ikkje at ein ikkje følgjer det, og eg vil stille spørsmål om det er villeiing frå statsråden når det faktisk blir hevda at det blir renteauke viss opposisjonen fremjar noko, men at det ikkje blir det viss Arbeidarpartiet og regjeringa gjer det.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
