Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mar 2026

Geir Inge Lien
Geir Inge Lien
Senterpartiet·Møre og Romsdal

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

I dag skal Stortinget stemme over tiltak som vil gje lågare drivstoffprisar, noko som er heilt avgjerande for store delar av norsk næringsliv, som transport, bygg og anlegg, sjøfart, fiskeri og landbruksnæringa, som er direkte avhengig av føreseielege og handterbare drivstoffkostnader. Når prisane vert for høge, rammar det ikkje berre bedriftene, det påverkar òg arbeidsplassar, investeringsevne og konkurransekraft. Senterpartiet meiner det hastar å få på plass midlertidige lettar som kan gje effekt med ein gong. Å vente på seinare budsjettprosessar er ikkje tilstrekkeleg når kostnadsnivået allereie pressar verksemder i heile landet. Samtidig er det viktig at offentlege kontraktar tek høgde for ekstraordinære kostnadsaukar, slik at ikkje risikoen einsidig vert skuva over på bedrifta. Eit konkurransedyktig næringsliv krev politiske avgjerder som verkar når behovet er der. Høgre sitt forslag går ikkje langt nok. Det vil hjelpe, men ikkje nok for næringsdrivande som er avhengig av diesel. Nærskipsfarten, fiskeriflåten og anleggsbransjen treng handling no. Fleire plassar i landet går bedrifter konkurs. Difor er eg no glad for at Høgre vil støtte Senterpartiet sine grep, som tek høgde for at næringslivet òg vert omfatta i dette. Det er spesielt og det hjelper norsk næringsliv lite at Arbeidarpartiet følgjer situasjonen tett. Viss vi sit passive og ser på, er det ein stor fare for at det går dårleg i bygge- og anleggsbransjen. Transportbedrifter vil då miste oppdrag, og tilsette vil verte permitterte. Då aukar kostnaden for staten, men desse kostnadene ser det ikkje ut til at Arbeidarpartiet tek med seg inn i sitt rekneskap.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat