Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 26. mar 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Dei høge drivstoffprisane har utløyst eit stort engasjement rundt om i landet. Det er bilistar, entreprenørar, lastebileigarar, fiskarar og bønder. Det er eit stort engasjement fordi det har stor økonomisk betydning for folk og næringsdrivande. Eg trur mye av diskusjonen me har her i dag, har utgangspunkt i korleis ein ser Noreg, og korleis ein ser verkelegheita. Eg høyrte ein finansminister som sa at det er snakk om nokre hundrelappar. Trur finansministeren at det for desse – entreprenørane, lastebilnæringa, fiskarane og bøndene – som er nøydde til å bruka mykje drivstoff, er snakk om nokre hundrelappar?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat