Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg trur ikkje dette er tida for historieskriving, men det var jo sånn at på den tida var det eitt parti i regjering som ville ha lågare drivstoffavgifter, og eitt parti som ville ha høgare avgifter, og så var det det me vart einige om. Det er den lærdomen som gjer at me no er villige til å senka drivstoffprisane. Me veit at det har betydning for entreprenørar, for lastebilsjåførar, for alle som driv næringsverksemd i Noreg. Når ein reknar på pengane, tek ein i for liten grad omsyn til kva konsekvensane vert for dei enkelte næringsdrivande og samfunnet viss me ikkje reduserer avgiftene, viss me fortset å la prisane stiga og seier at me skal venta tre månader med å gjera noko. Mitt spørsmål er: Trur finansministeren det er eit gode at entreprenørar går konkurs, at det vert høgare prisar som følgje av auka transportkostnader, eller er det faktisk fornuftig å halda drivstoffprisane på eit nivå som iallfall ligg ned mot det me vedtok i budsjettet?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
