Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Frode Jacobsen frå Arbeidarpartiet kunne gjera greie for dei orda som hadde vorte brukte på bakrommet om denne diskusjonen og desse forslaga. Representanten Frode Jacobsen frå Arbeidarpartiet fann òg støtte for sitt syn frå ein kommentator i VG. Men viss Arbeidarpartiet heller hadde lese Suldalsposten, Nordlys, Romerikes Blad og Sarpsborg Arbeiderblad, kunne dei ha lese om entreprenørar, bedrifter, lastebileigarar og bilistar som er frustrerte over den vanskelege situasjonen dei står i. Det er det me som storting må ta utgangspunkt i, og det er det Senterpartiet legg til grunn. Når ein høyrer innlegget frå finansministeren, sit ein igjen med litt tvil om regjeringa har tenkt å følgja opp Stortinget sine vedtak. Då er det jo veldig fint at det ligg ei utgåve av Grunnlova på alle plassane. Viss ein slår opp på § 75, står det at i Noreg er det Stortinget som fastset avgifter. Det står ingen plass der at finansministeren har nokon som helst vetorett mot vedtak i Stortinget som finansministeren ikkje likar. Det er Stortinget som bestemmer dette. Så høyrde me menyen av innvendingar mot dette. Det er påfallande at når det er snakk om å auka avgiftene, høyrer me aldri dei same bekymringane. La det vera klart: Det er Stortinget som fastset avgifter og avgiftsnivå i Noreg. Senterpartiet har vore opptatt av at dei forslaga som kan få fleirtal, må få fleirtal. Det er forslag nr. 23, frå Høgre, forslaga nr. 15–22, frå Senterpartiet, og det er òg eit oppmodingsforslag frå Senterpartiet, nr. 13, som ligg an til å kunna ha moglegheit til å få fleirtal. Senterpartiet vil òg trekkja forslaga nr. 11 og 12, for dei er varetatt i andre av våre forslag, som er presist utforma. Eg starta med å snakka om Frode Jacobsen og Arbeidarpartiet sine sterke ord. Det vert sagt at det som skjer i dag, er uansvarleg og useriøst, men Senterpartiet meiner at det som er uansvarleg og useriøst, er å seia at me no skal venta tre månader før me gjer noko. Me må handla no. Det er det som er ansvarleg: å lytta til folk, lytta til næringslivet og fatta dei vedtaka som me gjer i dag.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
