Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Takk til interpellanten, som har engasjert seg sterkt i denne saka, for å ha fremja denne interpellasjonen. Pasientovergrepsutvalet dokumenterte i 2022 grove overgrep mot pasientar utført av psykolog Sverre Varhaug. Desse overgrepa varte i over fleire tiår utan at myndigheitene eller andre klarte å stoppa han. Han var dømt tre gonger for overgrep mot pasientar. Eg var på Stortinget da Stortinget gjorde eit vedtak om å be regjeringa setja ned eit ekspertutval. Det var statsråd Høie som i 2021 sette ned ekspertutvalet som skulle gjennomgå overgrepssaker, og Varhaug-saka spesielt. Vi var òg med på vedtaket i fjor om erstatning for offera i Varhaug-saka. Sjølv om pasientovergrepsutvalet ikkje rett ut tilrådde at det skulle koma ei eiga erstatningsordning, var utvalet veldig tydeleg. Dei skreiv: «Utvalget har i sitt arbeid med overgrepssaker i tiåret 2010 til 2020 ikke registrert saker som er i nærheten av Varhaugsaken når det gjelder alvorlighet og varighet. Det er åpenbart mange ofre for hans overgrep som aldri har fått den oppreisning de fortjener.» Statsråden skreiv i 2022 at det ikkje var sikkert at desse offera ville kunne koma inn under dei generelle erstatningsordningane, bl.a. ut frå forelding. Det var grunnen til at eit fleirtal på Stortinget gjorde det oppmodingsvedtaket om oppreising – som er det vi etterspør i dag. Det er slik at desse offera har opplevd veldig store helsemessige og mange økonomiske belastningar. Fleire er alvorleg sjuke, og dei er sjølvsagt utolmodige når det gjeld oppfølginga vår av dette vedtaket. Eg meiner at myndigheitene og staten har eit ansvar. Når ein psykolog i ein periode på tre tiår har utsett pasientar for mange og grove seksuelle overgrep, og han ikkje vart stoppa sjølv om han var domfelt, og det offentlege hadde sendt pasientar til han, har vi òg eit særskilt ansvar for å rydda opp, og at dei offera som lever i dag, òg får ei oppreising. Det er snart eitt år sidan Stortinget gjorde dette vedtaket. Eg har forståing for at det er ein del som må greiast ut, som ikkje stortingsvedtaket sa noko om, bl.a. omfanget, kven som skal få erstatning, og nivået på erstatninga, osv. Ein har likevel hatt relativt god tid til å greia ut dette. Når det gjeld den økonomiske utbetalinga, er det slik at eit fleirtal på Stortinget har sagt at her må det koma ei erstatningsordning på plass. Eg synest det statsråden sa i dag, var positivt. Da veit vi iallfall at det kjem informasjon om dette i revidert nasjonalbudsjett. Det tenkjer eg er veldig bra. Det er sjølvsagt slik at vi må sjå på kva som da kjem, men at det skal verta ein plan for ei løysing, tenkjer eg er bra, og det veit eg at mange av offera òg etterlyser. Det må vera føreseieleg, slik at dei ikkje må gå og venta i det uendelege på noko som betyr veldig, veldig mykje for dei.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat