Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mar 2026

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Å få på plass ei undersøkingsordning for arbeidet til offentlege verksemder i saker om drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn er ei veldig viktig sak. Det er eit alvorleg bakteppe, og det er veldig, veldig bra at vi no får lova vedtatt i Stortinget. Det er ei oppfølging av den mest oppskakande NOU-en eg nokon gong har lese, NOU 2017: 12, Svikt og svik. Det er òg ei oppfølging av regjeringa sin opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Senterpartiet stod bak avgjerda til regjeringa om å etablera ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn. Eg meiner det var riktig, for vi meiner at det er bra å ha ei eiga ordning, og samtidig at det er eit system som lett kan følgja opp med læring i tenestene. Det har vore ei gjennomgåande utfordring at tenester eller tilsynsapparat ikkje lærer av dei mest alvorlege sakene, og at systemsvikt er gjentakande. Ordninga er allereie oppe og gå, tilsette er på plass, og no vil arbeidet kunna starta for fullt. Sånn kan vi no sikra eit systematisk arbeid for å identifisera systemsvikt og lærings- og forbetringspunkt i offentlege tenester i arbeidet for å førebyggja drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn. Dette lovforslaget set dei juridiske rammene for arbeidet til undersøkingsordninga. Vi er einige i endringane til komiteen. Vi meiner at forslaget til regjeringa var for snevert, og at det i for stor grad ville vera avgrensande for arbeidet til undersøkingsordninga og intensjonen bak. Så vi støttar at ein no gjer endringar, slik at ein kan gå tidlegare inn i sakene, altså før sakene har ein rettskraftig dom. Vi støttar òg endringa om utlån av straffesaksdokument og innsyn og at undersøkingsordninga kan ta opp saker på eige initiativ. Vi støttar òg forslaget om evaluering, at ein der særleg ser på paragrafen om omsorgssvikt og ser til at han ikkje vert for snever. Eg vil òg gi honnør til komiteen. Det er veldig bra at det er vorte ein einstemmig komité – det er viktige endringar – og at ein har tatt på alvor dei innspela som kom på høyringa. Dette må bidra til tverrfagleg tilsyn og at ein ser på tvers av departement og saksområde, for mange av gleppane skjer midt imellom. Dette er ein bra dag for rettsvernet til barn og unge i Noreg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat