Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Tusen takk for eit godt samarbeid med komiteen i denne saka. Mi viktigaste oppgåve i regjering er å sikre at ungar har ein trygg oppvekst. Då skal ingen bli utsette for vald og overgrep, og særleg er det ungane me har eit ansvar for. Likevel veit me dessverre at det finst historier der ungar har vore seksuelle objekt for foreldra sine gjennom fleire år. Me veit at det finst ungar som er utsette for ei sadistisk form for fysisk mishandling gjennom heile oppveksten. Me veit det er ungar i Noreg som dekkjer blåmerka sine, og me veit det er ungar som ikkje blir lytta til. Det er ungar som blir utsette for svikt og svik frå sine nærmaste – og frå samfunnet og velferdstenestene som skulle ha beskytta dei. Som fleire har vore inne på, blei dette grundig avdekt i NOU-en om svikt og svik, der det blei føreslått å opprette ei fast undersøkingsordning for gjennomgang av alvorlege saker der barn døyr eller har vore utsette for vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt. Det er gått nokre år sidan den NOU-en kom. No er endeleg dagen her, og eg er òg veldig glad for at me kan seie at me endeleg har fått på plass rammene for NUBA, den nasjonale eininga for undersøking av svikt mot barn. Målet med lova er for det fyrste å avdekkje og identifisere svikt i systemet vårt. For det andre er det at me må lære av feil som er gjorde, slik at me kan førebyggje at alvorlege hendingar skjer igjen. Retten til å leve eit liv utan vald og overgrep er ein grunnleggjande menneskerett. Vald og overgrep mot barn er grov kriminalitet og eit alvorleg folkehelse- og samfunnsproblem. Slik eg ser det, vil lova styrkje retten barna har til å bli beskytta, som i grunnen alle i komiteen har vore inne på i innlegga sine. Det vil styrkje rettssikkerheita for barn i Noreg. Eg er òg veldig glad for at me, òg gjennom samarbeidet med komiteen, har blitt einige i alle parti om justeringar i enkelte delar av lovforslaget. Eg er einig med Benjamin Jakobsen i at eit godt lovforslag har blitt betre, og no får me på plass barnevaldsundersøkingslova. Heilt til slutt vil eg leggje til at enkelte føresegner i lova kjem til å bli presiserte nærmare i forskrift, og dette arbeidet vil starte om kort tid.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
