Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
La meg fyrst returnere rosen til representanten Hjemdal, som over fleire år har hatt eit stort engasjement for dette arbeidet. Eg har sjølv 15 år bak meg på Stortinget, og arbeidet mot vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep er noko av det viktigaste eg sjølv både har jobba med og jobbar med no. Det er ganske mykje me må gjera for å sikre betre førebygging av vald, overgrep og vald i nære relasjonar. Det å nå få på plass denne undersøkingsordninga, som vil kunne bidra til veldig viktige læringspunkt av alvorleg svikt i det offentlege, vil òg bidra til at me kjem til å bli betre i både det førebyggjande og det avdekkjande arbeidet. Så dette arbeidet må fortsetje, både i kommunal sektor og på tvers av mange departement i regjering, om me skal klare å kjempe mot det samfunnsproblemet me snakkar om her.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
