Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg tek mitt ansvar som barne- og familieminister i regjeringa svært alvorleg. Eg har eit stort koordineringsansvar på vegner av barn og unge på tvers av fleire departement, og eg kjem både i det tverretatlege og tverrdepartementale samarbeidet til å følgje opp dette arbeidet, men også dei sentrale tiltaka som ligg i regjeringas opptrappingsplan mot vald og overgrep. Det blir heilt sentralt at der me får læringspunkt som kjem av alvorleg svikt, har me òg eit ansvar i å følgje det opp direkte i tenestene, og det er eit breitt ansvar. Det ligg eit stort ansvar i kommunane, det ligg eit stort ansvar i barnevernet, det ligg eit stort ansvar i spesialisthelsetenesta, og det ansvaret tek regjeringa.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
