Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Heldigvis møtest eg og fleire statsrådar ganske ofte når me arbeider med førebygging og tiltak knytt til barn og unge, bl.a. i det tverrdepartementale samarbeidet for kjernegruppa for utsette barn og unge. Den rapporten me fekk i dag frå Fafo, som er kjempeinteressant, og som viser kor viktig dette læringsverktøyet, «Jeg vet», er for at barn og unge i barnehage og skule skal kunne vite kva seksuelle overgrep og omsorgssvikt er for noko. Det er ein utruleg viktig rapport, og som eg sa i dag tidleg, der representanten Hjemdal òg var, er dette ein rapport eg kjem til å lese nøye og òg ta med meg inn i regjeringskollegiet. Me må gjera meir for at barn og unge sjølve kan identifisere kva vald og overgrep er for noko, og der er «Jeg vet»-verktøyet eit veldig godt eksempel på korleis me kan gjera det.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
