Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 26. mar 2026

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10

Innlegget

Eg har hatt talrikt med smertepasientar i mine 35 år som lege. Heldigvis kan eg hjelpe dei aller fleste på ein god måte. Nokre kan eg rett og slett operere og få bra på den måten, eller ved å gje god smertelindrande behandling. Nokre gonger krev det lang tid og at vi prøver oss fram med ulike medikament og kombinasjonar. Dessverre står det nokre igjen, der smertene ikkje går over og anna behandling ikkje har verka. No skal vi ikkje gjere medisinsk cannabis til noko sesam, sesam, for det er det ikkje, men det er likevel slik at for enkelte vil medisinsk cannabis kunne bidra til eit betre liv. Difor er det utfordrande at medisinsk cannabis er såpass vanskeleg tilgjengeleg for pasientar og legar. Det er kompliserte søknadsprosessar. For medisinsk cannabis er det eit avgrensa kunnskapsgrunnlag. Det må vi innrømme, sjølv om vi meiner det bør vere lettare tilgjengeleg. Langtidseffektane er lite kjente. Ein spekulerer i både hukommelsesvanskar og anna som noko ein kan tenkje seg at dette kan påverke. Difor er det ikkje noko som skal vere for alle, men det skal vere for nokre. Som sagt: ikkje for dei mange, men for dei få, og dei bør også kunne få det. I dag er det for vanskeleg. Sidan dette, som statsråden påpeiker, på mange måtar er eksperimentell behandling, er det viktig at vi får på plass forsking. Vi må kjenne betre til langtidseffektane. Vi må forenkle slik at det faktisk er mogleg å få medikamentet, men også å bli inkludert i framtidsretta forsking, slik at vi veit meir, både om konsekvensar og om kven som har best nytte av behandlinga. Eg håpar at statsråden vil vurdere andre ordningar for føreskriving og økonomisk dekning for å sjå om vi kan få dette på plass. Det er på tide å få på plass ei slik ordning, og Noreg bør faktisk bidra til den forskinga ein treng. Eg vil til slutt konkludere med at vi bør sjå på lindrande behandling meir i stort, for det er dessverre eit felt der vi ikkje gjer nok i dag. Eg håpar vi kan få ein stor og viktig debatt rundt lindring, både ved livets slutt og for dei med kronisk smerte, for der meiner eg vi har ganske mykje å gå på, og det er for lite framme i debatten. Eg håpar å kunne reise den debatten meir sidan.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat