Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
La meg først få lov til å seie kor fint det er at komiteen er heilt einig i denne saka. Det er tydeleg gjennom innstillinga at vi deler eit grunnleggjande mål: å styrkje barns rettssikkerheit og sikre betre læringsmekanismar når alvorlege hendingar skjer. I innstillinga peikar komiteen samla på at høyringsrunden gav eit svært tydeleg bilete. Eit klart fleirtal av høyringsinstansane meiner at undersøkingar som blir sette i gang først etter at ei straffesak eller ei tilsynssak er avslutta, kjem altfor seint. Dette går igjen i omtalen frå komiteen både av situasjonen for barna, av læringsverdien og av behovet for å avdekkje systemsvikt raskt. Som fleire av merknadene viser til, understrekar barnefaglege ombod, fagmiljø, menneskerettsaktørar og statsforvaltarar at læring må skje mens sakene er ferske. Ein sein oppstart svekker informasjonskvaliteten og kan føre til at alvorlege manglar i tenestene ligg ubehandla i fleire år. Dette er noko MDG har vore svært opptekne av: at ordninga faktisk skal bidra til førebygging, ikkje berre til etterprøving. Det kjem òg fram i omtalen komiteen har av høyringsalternativa, at eit fleirtal av instansane støtta dei modellane som opnar for tidlegare oppstart. For oss i MDG har dette vore eit viktig poeng: Vi må unngå at omsynet til læring blir underordna omsynet til prosedyre. Som komiteen sjølv peikar på, blir parallellitet allereie handtert i praksis. Dette er ikkje eit hinder – det er eit spørsmål om koordinering. Eg vil òg trekkje fram einigheita i komiteen om retten barn har til å bli høyrde. MDG har i merknadene våre understreka betydninga av retten barn har til informasjon, trygg deltaking og medverknad som faktisk betyr noko. Eg er glad for at komiteen står samla om at barn skal møtest på ein måte som er tilpassa alder, modenskap og individuelle behov, og at erfaringane deira skal bli tillagde reell vekt. Dette er eit viktig steg framover, og det er godt forankra i innstillinga. Til sist: Det er gledeleg at komiteen, på tvers av partia, løftar dei same verdiane: læring, førebygging, det beste for barnet og ansvarleg myndigheitsutøving. At vi står samla i mange av dei sentrale vurderingane, styrkjer truverdet til arbeidet og gjev eit betre grunnlag for å forbetre tenestene våre. Eg vil takke komiteen for eit godt og løysingsorientert samarbeid. Dette er eit godt eksempel på kva vi får til når sikkerheita og rettane til barn blir sette først.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
