Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 8. apr 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte tirsdag den 8. april 2026 kl. 10

Innlegget

Spørsmålet mitt handla jo fyrst og fremst om kva staten vil gjera som eigar, og dermed òg stemmegjeving i selskapene, men la meg prøva på ein annan måte: I eigarskapsmeldinga står det: «Dersom veksten i samlet godtgjørelse, eller i enkelte godtgjørelseselementer, er større for ledende ansatte enn for øvrige ansatte, enten prosentvis eller kronemessig, er staten opptatt av at styret gir en særskilt begrunnelse i selskapets lønnsrapport.» No ser me altså at statlege selskap gjev leiarane løner som ligg langt over andre, både i prosent og i kroner. Lønspakka til DNB-sjef Kjerstin Bråthen nemnte eg. Den auka altså med rundt 10,6 pst. i fjor – heile 1,8 mill. kr. Då er spørsmålet: Har statsråden fått «en særskilt begrunnelse» frå DNB eller andre? Og kva må ei sånn grunngjeving innehalda for at staten skal stemma for ein sånn lønsauke på generalforsamlinga i DNB om to veker?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat