Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 8. apr 2026

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte tirsdag den 8. april 2026 kl. 10

Innlegget

Eg høyrer at statsråden vegrar seg for å gjera ord til handling, og skyv ansvaret heilt og fullt over på styra. La meg då ta tak i det argumentet som statsråden no var inne på, nemleg at desse løningane skal vera konkurransedyktige, for det er tydelegvis veldig ulike prinsipp som gjeld for ulike folk i dette samfunnet. For dei som har mest, gjeld nokre prinsipp, og for dei som har minst, gjeld andre. Det raud-grøne fleirtalet, ofte med SV i spissen, har heldigvis i ei rekkje budsjettforhandlingar kjempa for at dei med minst skal få auka kjøpekraft, og det er vel og bra. Samtidig har det ikkje hindra Arbeidarparti-regjeringa i å føreslå ei rekkje usosiale kutt for dei som har lågast inntekt frå før, fordi dei trur at det berre er pisk som fungerer for den gruppa. Dei på toppen, derimot, er visst heilt avhengige av veldig høge lønningar for å klara å stå opp om morgonen og gjera ein jobb. Er statsråden einig i at toppleiarane våre ikkje hadde gjort ein god jobb viss dei ikkje hadde fått såkalla konkurransedyktig løn – altså det mangedobbelte av statsministeren?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat