Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Min påstand er at regjeringa kan gjera noko meir enn å skyva ansvaret over på styra. Regjeringa kan handla, ein kan gjera noko anna enn å skriva retningslinjer om forventningar – som desse styra då tydelegvis kastar i boset. Regjeringa kunne òg veldig gjerne ha støtta forslaga frå SV om ein leiarlønskommisjon eller lønsfrys for dei aller høgast løna leiarane, forslag som Arbeidarpartiet sjølv var for før dei kom i regjering, og regjeringa kan altså – det gjentek eg – ganske enkelt stemma i tråd med sine eigne og Stortingets reglar og styringssignal på generalforsamlingane utover våren. Likevel høyrest det jo verkeleg ikkje ut som om det er det som kjem til å skje, det høyrest ut som om regjeringa vil fortsetja å gjera ingenting. Då spør eg rett og slett: Trur statsråden at forskjellane kjem til å auka eller minka i denne stortingsperioden, med Arbeidarpartiet i regjering?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
