Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 14. apr 2026

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte tirsdag den 14. april 2026 kl. 10

Innlegget

Evalueringa av seksårsreforma som blei lagd fram før sommaren 2024, viser ei utvikling vi ikkje kan vere fornøgde med. Intensjonane som låg til grunn då seksåringane fekk sin plass i skulen, har gradvis blitt svekte. Det som skulle vere ein smidig overgang frå barnehage til skule, prega av leik, utforsking og tryggleik, har for mange ungar blitt eit møte med for mykje stillesitjing og tradisjonell klasseromsundervising. Vi ser at borna i for liten grad får utforme leiken på eigne premissar, og areala på skulane er heller ikkje rigga for leik. Dette avgrensar moglegheitene for frileik og fysisk aktivitet, som er to av dei viktigaste føresetnadene for læring, trivsel og utvikling for dei yngste elevane. Samtidig får vi stadig tydelegare åtvaringar om konsekvensane av at barn og unge får for lite fysisk aktivitet. TV 2 omtalte tidlegare i år tala frå rekruttskulen på Madla, som viser ei utvikling som uroar både folkehelseekspertar og Forsvaret. Den fysiske forma til norske ungdommar har falle markant dei siste seks åra. I 2020 klarte 96 pst. av dei mannlege rekruttane 3 000 meter på 15 minutt. I dag er talet nede i 82 pst. For kvinner har nedgangen vore endå brattare, frå 62 til 38 pst. Om lag éin av fire rekruttar er ifølgje Forsvaret i realiteten ikkje fysisk kvalifiserte til å ta imot den treninga som ventar. Det gjer at denne saka ikkje berre handlar om folkehelse, trivsel og meistring for ungane våre, det handlar òg om totalberedskap og forsvarsevne. Vi kan ikkje detaljregulere livet til folk og familiar, men dei fellesarenaene vi har, må vere rigga slik at det er lagt til rette for fysisk aktivitet, og skulen er borna sin viktigaste fellesarena. Det er bakgrunnen for forslaga. Vi meiner at seksåringane treng eit tilbod som byggjer på førskulepedagogikk, der leiken er ein berebjelke, ikkje eit tillegg. Eit fyrste skuleår med meir frileik og aktivitet vil gje ungane ein tryggare start og eit betre læringsgrunnlag. Vi veit at frileiken styrkjer kreativitet og sosiale ferdigheiter. Vi meiner elevane bør vere fysisk aktive kvar einaste dag på skulen. Det skulle berre mangle, all den tid skuleløpet har blitt lengre, og timetalet har auka over tid. Det kan ikkje berre resultere i meir stillesitjing. Skulane må ha stor fridom i korleis dei organiserer skulekvardagen. Det er ei utfordring at det har vore politisk vilje til å regulere og påleggje skulane stadig meir teori inn i skulen, men samtidig ikkje vilje til å sikre nok fysisk aktivitet. Ein for teoritung skule er ikkje ein skule for alle. For dei som lærer best gjennom praktisk læring, betyr meir teori mindre meistring. Dette burde fleire parti i denne salen ta inn over seg, særleg dei som har for vane å uttrykkje uro for at t.d. gutane i større grad slit med skulekvardagen. Eg vil avslutningsvis ta opp forslaga Senterpartiet er ein del av.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat