Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg har jakta hjort i meir enn førti år, så eg har ein viss bakgrunn frå det og eit grunnlag for mitt engasjement. Når eg ser høyringssvara frå store delar av hjortekommunane, flesteparten i Møre og Romsdal og i Vestland, som eg har fått kopi av no, er det ei unison tilbakemelding at det som kjem frå departementet, er bortimot greinlaust og at ein ikkje kan ha mykje kompetanse om korleis dette fungerer. At ein skal opne opp for bruk av termiske sikte i hjortejakt i ei forskrift kommunane skal utarbeide, er på ein måte greitt nok, Stortinget har også i vedtake bedt om ei forskrift, men det kan ikkje vere så greinlaust at det i ein MDG-kommune vert nei og i ein Arbeidarparti-, Senterparti- eller FrP-kommune vert ja. Det er store jaktområde som går over fleire kommunar, og ein kan risikere at ein jeger på den eine delen av valdet kan bruke termisk sikte, andre plassar kan han det ikkje. Det er altså hjorteforvaltning etter kvotar, og det er ei forvaltning som har ført til betydeleg mindre ettersøk. Ser ikkje statsråden at ein her må lage ei forskrift som er forsvarleg?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
