Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. apr 2026

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte onsdag den 15. april 2026 kl. 10

Innlegget

Det er mitt håp at landbruksministeren, som eg kjenner godt som ein fornuftig kar, har så pass mykje gangsyn at han ser at ein må lage forskriftene på ein slik måte at det tener landbruksnæringa og landbruket. Ein kan ikkje ha ordningar som gjer at det er umogleg å handheve og umogleg å handtere. Dette har ført til betydeleg betre avskyting, det er betydeleg tryggare og mykje mindre ettersøk. Ein tek ut dei dyra ein skal, og all jakt på hjort er kvotestyrt av kommunane, så det blir ikkje skote meir eller mindre ut frå kva sikte ein brukar. Det er dyrevelferd som er lagt til grunn, og landbruket klarar å ta ned skadane. Men då må ein lage forskrifter som ikkje er så byråkratiske at det vert mot si hensikt. Eg håpar landbruksministeren er med på å gjere det lettvint for landbruksnæringa innanfor det regelverket som statsråden har vist til. Det er det eg prøvar å ta opp, det er det som er poenget, at her må ein bruke litt sunn fornuft – og det håpar eg inderleg at ein ser av høyringssvara, for dei er ganske tydelege.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat