Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Måndag hadde eg møte med ei rekkje entreprenørar i Rogaland. Dei var opptekne av drivstoffprisane. Ein av desse entreprenørane hadde oppdrag for norske bønder. Han hadde sett seg nødt til å ta kontakt med bøndene og be om å få kompensert noko av dei auka drivstoffprisane. Bøndene hadde sagt ja til det. Etter krigsutbrotet i 2022 sende Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa ut eit brev som oppfordra offentlege aktørar til å justera kontraktane som følgje av auka drivstoffavgifter. Det har ikkje skjedd no, og det set veldig mange entreprenørar i ein krevjande situasjon. Kva er bakgrunnen for at regjeringa ikkje har valt å oppfordra offentlege aktørar til å kompensera sine leverandørar for auka prisar?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
