Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det har vore ein stor auke i praksisen med dobbeltroller etter at Nasjonal helse- og samhandlingsplan vart fremja og vedtatt. I dag er styreleiaren ved Sørlandet sykehus òg styreleiar ved Helse Møre og Romsdal. Styreleiaren ved Helse Stavanger er òg styreleiar ved Sykehuset Østfold. Nestleiaren ved Nordlandssykehuset er òg nestleiar ved Helse Fonna. Administrerande direktør ved Sykehuset i Vestfold er òg styremedlem ved Universitetssykehuset Nord-Norge, UNN, og viseadministrerande direktør ved Oslo universitetssykehus er styreleiar ved UNN. Styreleiaren i Vestre Viken helseføretak er òg styreleiar ved Nordlandssykehuset, administrerande direktør ved Vestre Viken er styreleiar ved Helgelandssykehuset, og styreleiaren ved Finnmarkssykehuset er klinikkdirektør ved Vestre Viken. Denne lista er lengre. Det har vore ein stor auke, og vi er no bekymra og meiner at denne praksisen er uakseptabel, og eg vil spørja statsråden på nytt: Vil ikkje statsråden ordna opp i denne praksisen?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
