Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Problemet er at vi har ein helseføretaksmodell som har vorte kritisert for ulike forhold, og det at vi får ein maktkonsentrasjon blant styreleiarar og administrerande direktørar, vil – slik sjukehusutvalet sa – føra til at det òg kan koma meir mistillit og kritikk, for det vert samling av helsemakt på veldig få hender. I tillegg ser vi den regionale skeivdelinga. Tre av fire styreleiarar i nord kjem frå andre kantar av landet. Helse Nord seier at det er behovet for tung kompetanse som er årsaka til det, og da må eg stilla spørsmålet: Det kan jo ikkje vera sånn at det ikkje finst tung kompetanse i nord til å drive deira eigne sjukehus? Til dei regionale føretaka er det sett krav om regional tilhøyrsle, men ikkje til dei lokale helseføretaka, og eg meiner at statsråden bør gripa inn no og ikkje venta på utvalet, og òg sikra krav om lokal tilhøyrsle til styra i dei lokale helseføretaka.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
