Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er vår; det er lønsforhandlingar. Frontfaget har kome i mål, men tilsette i restaurantbransjen har gått i streik. Folk i hotell- og restaurantbransjen står streikevakt for seg sjølv og kollegaene sine for eit lønsløft i ein bransje med dei lågaste løningane i landet, slik at vanlege folk, kollegaene deira, kan ha noko igjen når handlekorga og bustadutgiftene er betalte. Det krev ei lønsauke som er så høg at ho ikkje straks blir nulla ut av at vanlege utgifter er høgare enn før. Den bekymringa har ikkje landets toppleiarar, for samtidig med at vårsola skin på dei streikande, blir det levert rapportar om at leiarløningane fortsett å auke mykje meir enn vanlege løningar – også i selskap der staten er dominerande eigar. La meg berre ta nokre eksempel: DNB-sjef Kjerstin Braathen hadde i fjor ei samla løn på 18,7 mill. kr. Det er 10,6 pst. meir enn året før. Yara-sjef Svein Tore Holsether auka løna med nær 7 pst. i fjor, til 17 mill. kr. Holsether er også president i NHO. Equinor-sjef Anders Opedal fekk ein kompensasjon på 23 mill. kr i fjor. Dermed auka løna med 1 mill. kr. Telenor-sjef Benedicte Fasmer fekk 16,18 mill. kr i løn. Kongsberg Gruppens sjef, Geir Håøy fekk 14,39 mill. kr i 2025. Noko av det beste med Noreg er den norske modellen for lønsdanning, der konkurranseutsett industri forhandlar først for eit nivå på lønsauken som næringsliv og norsk økonomi toler. Den hadde ei ramme på 4,4 pst. Likevel ser vi at frontfagsramma openbert ikkje gjeld for norske toppleiarar i statlege selskap, og det gjeld heller ikkje sjølv om dei statlege selskapa har fått tydelege signal frå regjering og storting om at ein forventar moderasjon. Forventninga er uttrykt både i eigarskapsmeldinga og i eigne retningslinjer, men selskapa bryr seg ikkje. I eit oppslag i VG for fem år sidan, i mars 2021, kravde Jonas Gahr Støre statleg leiarlønsfrys om han kom til makta. Den gong då var det framleis pandemi. Han oppfordra då Høgre-regjeringa til å sjå på korleis den akutte pandemien auka ulikskapen, og at det gjorde det nødvendig å ta grep for å bremse lønsfesten for leiarane i det offentlege og i selskap der staten hadde eigardel. Sidan den gong har vi hatt krig i Ukraina, dyrtid, auka renter og matkøar som aldri har vore så lange – og no, til sist, endå ein krig, i Iran. Ulikskapen har auka. Medan vanlege folk har fått det tøffare, har altså dei på toppen stukke frå. Det gjeld ikkje berre milliardformuane som veks enormt på svært få hender. Det gjeld også løna til toppleiarane. Medan vanlege folk blir bedne om moderasjon, folk står og streikar utanfor hotella, og regjeringa varslar innstramming i velferda, fortsett altså leiarlønsfesten i dei statlege selskapa. No har regjeringa styrt i fem år, og leiarløningane fortset å stige til nye høgder. Det er ingenting som tyder på verken moderasjon eller ansvarskjensle når DNB-sjefen får ei solid lønsauke på 10 pst. For fem år sidan sa Støre til VG at «de ikke bare vil oppfordre, men handle», og at dei ville ha «kontroll over lederlønnsgaloppen». Kvar har det blitt av handlinga, og på kva måte meiner statsråden at regjeringa har fått kontroll på leiarlønsgaloppen? Og kva slag signal tenkjer statsråden at desse leiarlønene sender til Fellesforbundet og resten av fagrørsla som tek ansvar for heile den norske lønsmodellen, og som samtidig står med streikevestar for å heve løna innan hotell- og restaurantbransjen så mykje at det faktisk er mogleg å leve av den, når toppsjefane i statlege selskap openbert meiner dei fortener langt over dobbelt så høg lønsauke som resten av oss?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
