Marthe Hammer

Marthe Hammer

Sosialistisk Venstreparti·Hordaland·Finanskomiteen
RSS

Rangering

#106

av 157

27.9

Mer aktiv enn 33 % av de faste representantene.

Totalscore

27.9

Oppmøte

28%

Spørsmål

29

Taler

31

Forslag

12

Slik leser du tallene

Marthe Hammer er nummer 106 av 157 faste representanter på aktivitetsrangeringen — mer aktiv enn 33 % av de faste representantene. Rangeringen er et vektet snitt av fem mål fra Stortingets åpne data: møtte til 28 % av voteringene, stilte 29 skriftlige spørsmål, holdt 31 innlegg i salen og fremmet 12 forslag i inneværende periode.

Tallene oppdateres jevnlig fra data.stortinget.no. Høy aktivitet er ikke det samme som godt politisk arbeid — det er ett mål, ikke en fasit.

Fra salen

4 nyeste med opptak

16. jun 2026· Innlegg

Møte tirsdag den 16. juni 2026 kl. 10

Eg tek ordet for å melde om at eg trekker tilbake representantforslaget frå Kirsti Bergstø og meg sjølv om å setje ned ein forskjellskommisjon, jf. dokument 8:279 S, då dette er innfridd i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett.

11. jun 2026· Replikk

Innstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2026 (Innst. 379 S (2025–2026), jf. Meld. St. 9 (2025–2026))

Etter eit år i finanskomiteen har eg merka meg at finansministeren og statssekretærane og Finansdepartementet er svært opptekne av å oppretthalde meirverdiavgifta, fordi den utgjer ein så enorm og avgjerande del av finansieringa av vår felles velferd og statsfinansane. I denne saka merkar eg meg også at regjeringas parti har ein merknad der dei registrerer at meirverdiavgiftsunntaket for finansnæringa no er berekna til å utgjere om lag 19,18 mrd. kr, mens finansskatten, som ble innført av Solberg-regjeringa for å kompensere for dette unntaket, er anslått å utgjere 6,7 mrd. kr, og at denne differansen no utgjer 13,1 mrd. kr i næringens favør. Er finansministeren einig i at det er en urimeleg stor differanse i forhold til kva banknæringa eigentleg slepp av meirverdiavgift, og at det ikkje berre er rom for å auke skatten, men også viktig for å kunne oppretthalde heile meirverdiavgiftssystemet, og ikkje minst argumentere for ikkje å ha meirverdiavgift?

11. jun 2026· Innlegg

Innstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2026 (Innst. 379 S (2025–2026), jf. Meld. St. 9 (2025–2026))

Renteauken kjennest verkeleg på kroppen til barnefamiliar og unge i etableringsfasen med høge bustadlån. Og renteauken kjennest i byggje- og anleggsbransjen, der vi har sett konkursar og aukande arbeidsløyse. Men renteauken merkast ikkje berre på lommeboka til folk og bedrifter, ein merkar renteauken også i velferda. For ein gjeldstyngd kommunesektor og sjukehus med store investeringar går pengane til å betale renter framfor å betale hender. Så rente- og pengepolitikken er svært viktig for oss alle. Renta blir sett av sentralbanken, og sentralbanken skal vere uavhengig, men no når vi evaluerer mandatet til sentralbanken, er det heilt nødvendig og bra for tilliten at vi denne våren har fått ein reell offentleg debatt om pengepolitikken i Noreg. Inflasjonsmålet på 2 pst. som vi har i dag, blei bestemt i ei heilt anna tid, 2018. Det var før korona, før Ukraina-krigen og før Trump sitt angrep på Iran. Det blei sagt at inflasjonsstyringa skal «være fremoverskuende og fleksibel, slik at den kan bidra til høy og stabil produksjon og sysselsetting». Men ettertida har vist at det blei inflasjonsmålet som gjekk føre. For vi er fleire, LO, Eiendom Norge og ei rekkje økonomar, som meiner at rentehevingane til Noregs Bank den siste tida er feil medisin når prisveksten kjem som eit kostnadssjokk utanfrå, slik ein såg med krigen i Ukraina og no krigen i Iran. Og mange av oss er jo redde for at konsekvensen har blitt høgre arbeidsløyse og fleire konkursar enn nødvendig. For sjølv om nokre ledigheitstal viser låg arbeidsløyse, viser AKU-tala at arbeidsløysa aukar, og spesielt blant personar i alderen 25 –39 år, noko som tyder på at arbeidsmarknaden generelt er i ferd med å bli svekt. Derfor er vi fleire som meiner at sysselsetjing og produksjon må bli likestilte i inflasjonsmålet i det nye mandatet. Stenginga av Hormuzstredet har i tillegg vist oss kor sårbar oljeøkonomien vår er. Derfor fremjar vi også forslag om at omsynet til grøn omstilling må bli inkludert i mandatet. Noreg er særeige på mange vis. Ikkje berre er vi ein stor oljenasjon, vi er også særeigne i måten vi bestemmer løningane på. Over tiår har våre sterke institusjonar i arbeidslivet, gjennom frontfagsmodellen, bidratt til å halde løns- og prisveksten stabil og redusere risikoen for varig høg inflasjon. Skal rentepolitikken ha legitimitet og sentralbanken gjere sin jobb, treng vi at evalueringa av mandatet tek inn over seg breidda i rente- og inflasjonsforskinga, og ikkje minst at vi i Noreg byggjer våre modellar på nettopp dei spesielle særtrekka ved norsk lønsdanning. Eit av hovudargumenta for å halde inflasjonsmålet på 2 pst. er at det er det målet dei fleste andre landa rundt oss har. Men då er det viktig å vite at land reknar forskjellig. For eksempel har Eiendom Norge lenge påpeikt at vi risikerer å lage vår eigen inflasjonsspiral når leigeprisane utgjer ein så stor del av måten vi måler inflasjonen på. Derfor er det veldig gledeleg at ein samla komité meiner det er klokt at ein tek ei vurdering av val av prisindeks samtidig med evalueringa. Lommeboka til folk er ikkje berre avhengig av den rentepolitikken som Noregs Bank fører, men også av renta til den banken dei faktisk har lånet sitt i. For den renta som kjem opp på mobilkontoen, er jo betydeleg høgre enn den renta som Noregs Bank set. Samanliknar vi oss med andre land, har norske bustadlånkundar også her høgre rente i bankane sine enn f.eks. i Sverige og Danmark. Dette er eit resultat av manglande konkurranse i bankmarknaden. Det er nedslåande å lese høyringssvara frå både Forbrukarrådet og LO mfl., som er tydelege på at fem bankar og kjeder i grunnen kontrollerer 80 pst. av marknaden. Det er ikkje rart at DNB kunne levere eit resultat på 9,9 mrd. kr i første kvartal 2026. Her skor verkeleg bankane seg på høg rente og manglande konkurranse, og vanlege folk betaler prisen. Men det er ikkje berre bustadlånet som gjer det vanskeleg for folk. Dessverre har vi sett ein vill vekst i usikre lån og forbrukslån, med skyhøge renter. Folk blir fanga i langvarige gjeldsproblem og ender opp med å betale mange gonger det dei først lånte. Derfor fremjar vi ei rekkje forslag som gjer det vanskelegare og mindre lønsamt å innvilge kreditt til folk som ikkje har moglegheit til å betale for det, og slik hindre at fleire hamnar i djup kredittkortgjeld. Ingenting vedrører folk så mykje som kva som merkast på lommeboka. Rentepolitikken er ikkje unnateke politikk, han er politisk, gjennom at vi politisk bestemmer rammene for pengepolitikken og mandatet til sentralbanken. Vårens debatt har vore nødvendig, og eg håper vi held fram med debatten når vi no skal gå inn i sluttrunden på evalueringa av det operative mandatet til pengepolitikken til Noregs Bank. Med dette tek eg opp SV sine forslag i saka.

9. jun 2026· Innlegg

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Nikolai Astrup, Aleksander Stokkebø og Kari Sofie Bjørnsen om kvalitetssikring av støtte til flytende havvind (Innst. 401 S (2025–2026), jf. Dokument 8:213 S (2025–2026))

Noreg har i hundreår hatt eit næringsliv som har vore verdsleiande på sjø og hav, og som dei siste åra også har betydd ei eventyrleg offshore- og oljehistorie. Over år har likevel næringslivet langs kysten omstilt seg i møte med ny teknologi og nye utfordringar. Norsk økonomi og kystindustri står no ved eit nytt slikt vegskilje. Skal vi fortsetje i eit spor der vi legg alle egga i ei korg, nemleg oljenæringa, eller skal vi byggje opp ei anna næring, som også byggjer på fortrinnet med den langstrakte kysten vår og dei store havområda, nemleg havvind? Det er det denne saka handlar om. Andre land med kyststripe gjer nemleg det, dei sett inn store midlar for å posisjonere seg og landet sitt, næringslivet sitt og sikre arbeidsplassar gjennom storstilt havvindutbygging. Det er ikkje berre påfallande og eit paradoks, det er direkte urovekkjande at då eg sist besøkte Akers verft på Stord, var det ikkje norske havvindprosjekt som sikra arbeidsplassane, det var kanadiske og amerikanske havvindprosjekt. Ein seier at denne saka berre handlar om kostnadskontroll og ei utgreiing, men ho blir støtta av parti som vil stoppe heile havvindsatsinga. Mens Høgre snakkar på inn- og utpust om føreseielegheit for næringslivet, er dette det motsette. Dette er oppskrifta på uføreseielegheit for næringslivet. Det som er frykta mi i denne saka, er at konsekvensen ikkje berre er at havvindsatsinga blir så usikker og så uførseieleg at alle havvindselskapa forlèt Noreg og vender seg til andre land, men det er konsekvensen som skjer når det verkeleg går opp for Arbeidarpartiet, Høgre og Frp at verfta våre manglar oppdrag, og næringslivet manglar kraft. Vi veit at ein ikkje treng konsekvensutgreiing i denne salen for, over bordet, å løyve ei oljeskattepakke på 68 mrd. kr, ei oljeskattepakke både den noverande og den førre statsministeren i ettertid har sagt blei altfor stor. Eg er også svært bekymra for konsekvensen av vedtaket som Raudt og Frp no støttar, er eit massivt press på vindkraftutbygging på land. Det er det vi risikerer når Arbeidarpartiet og Høgre finn saman i panikken over manglande kraft til industrien. Langs heile vestlandskysten ligg det føre planar om vindkraftanlegg på dei flottaste fjella og i den finaste kystnaturen, som vi foreløpig har klart å stanse, fordi det er planar om å byggje ny fornybar energi gjennom havvind. Blir havvindsatsinga skrota, vil desse partia og fleire samle seg om eit massivt press på stortilt utbygging av vindkraft på land. SV og Raudt har stått saman i motstanden mot utbygging av vindkraft på land langs kysten av Noreg, men dette vedtaket som blir fatta i dag, gjer at ein i staden for å stoppe eit havvindprosjekt, risikerer å setje verkeleg fart på vindkraftutbygginga. Det er det motsette naturen og klimaet treng no.

Innlegg i salen

52 innlegg · 18 møter

Vis →
  • 19. jun 202609:29· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingrid Liland, Oda Indgaard og Frøya Skjold Sjursæther om å dele ut statens inntekter fra klimaavgifter til befolkningen (Innst. 458 S (2025–2026), jf. Dokument 8:256 S (2025–2026))

    Eg vil ta opp dei forslaga SV har saman med andre.

  • 19. jun 202609:24· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingrid Liland, Oda Indgaard og Frøya Skjold Sjursæther om å dele ut statens inntekter fra klimaavgifter til befolkningen (Innst. 458 S (2025–2026), jf. Dokument 8:256 S (2025–2026))

    Det raudgrøne laget blir ikkje eit vinnarlag viss ikkje vi tek grep om bemanningskrisa i velferda, gjev folk eit betre liv og meir å rutte med, og samtidig tek vare på miljøet. Eg er stolt over at vi no har eit budsjett som gjer nettopp det. Når vi no er godt i gang med fotball-VM, er det ein fornøyelse å kunne seie at SV har skåra budsjettsesongens første hat trick. Vi hadde tre tydelege mål i sikte då vi gjekk inn i desse forhandlingane – billegare kollektivtransport, betre bemanning og ein meir rettferdig bustadmarknad, og vi har fått ballen godt over mållinja på alle desse tre områda. Det har vore tøffe rundar, og eg vil takke det raudgrøne laget for en god kamp. Vi har kjempa hardt og lenge, og sjølv om vi enda forhandlingane på overtid, unngjekk vi både ekstraomgangar og straffekonkurranse og ikkje minst har vi fått ei einigheit med eit tydeleg SV-stempel. I ei tid der renta aukar og alt blir dyrare, kuttar vi prisen på månadskortet med ytterlegere 160 kroner. Det betyr eit kutt for månaden på heile 260 kroner til saman, eller meir. I tillegg får mange barn og unge meir enn halvert prisen på månadskort. Det kjem 600 mill. kr til utbetring av kollektivtilbodet med fleire bussavgangar og vedlikehald for å få den norske jernbanen tilbake på skjener. Ei av dei beste investeringane vi gjer for framtida, er å satse på barna og velferda. For eit år sidan stod SV i denne salen og fekk på plass ei tilskotsordning for å styrkje bemanninga i barnehagen, ei styrking som skulle kome på toppen av den bemanninga som allereie var i barnehagen. Det kom 200 mill. kr i revidert nasjonalbudsjett i fjor, ytterlegere 600 mill. kr i statsbudsjettet, og no toppar vi ordninga med ytterlegere 350 ferske millionar til fleire hender og 500 nye tilsette i barnehagen. På eit år har SV meir enn tangert kravet om ein bemanningsmilliard til barnehagen. Det er over 100 år sidan åttetimarsdagen blei innført. Det er på tide med ein ny reduksjon i arbeidstid. Vi ruller no ut eit prosjekt med sekstimarsdag i fleire barnehagar landet over. Den norske bustadmarknaden er ei forskjellsmaskin. Har ein ikkje rike foreldre, slit ein med å kome inn på bustadmarknaden, og vi har rekordauke i leigeprisane. Det mest brutale er likevel at 500 born manglar ein fast stad å bu i Noreg i dag, og slik kan vi rett og slett ikkje ha det. Difor har vi fått på plass ei stor bustadpakke. Over år har SV sikra milliardar til Husbanken, og no begynner verkeleg kommunane å få auga opp for at her er det pengar å hente for å byggje bustader. I tillegg startar vi ei heilt ny tilskotsordning som skal sikre fleire utleigebustader i kommunane og bidra til at fleire bustader blir bygde. Gjennom denne nye tilskotsordninga får kommunane støtte til å kjøpe leilegheiter i burettslagsprosjekt som er på gang og slik få fart på bustadbygginga og sikre fleire utleigebustader og kommunale bustader. Og som om ikkje det var nok, startar vi eit nytt bustadkapittel med ein ikkje-kommersiell bustadmarknad gjennom eit arbeid med leigebuarsamvirke som kan realiserast i pilot i Tromsø. Og saman med ei tydeleg regulering av korttidsutleigeselskap som Airbnb, set vi ytterlegere fart på bustadpolitikken. Nesten halvparten av budsjettramma går til miljø- og klimatiltak. Ei uroleg verd har vist oss kor sårbare vi er og kor avhengige vi er av olja. Difor var det svært viktig for SV å få til ei einigheit som får fart på utsleppskutta og omstille Noreg. I førre periode fekk SV på plass et eige program som skulle bidra til å fjerne dei verkeleg store utsleppspunkta i Noreg. Eg er enormt stolt over dei 700 millionane i haust, og ikkje minst den heile nye milliarden i dette reviderte budsjettet, som då er nok til at ein kan realisere fangst og lagring av utsleppa frå forbrenningsanlegget til BIR i Bergen. Det er no ti år sidan eg og Hordaland fylkesting vedtok å elektrifisere ferjene i Hordaland. Over natta kutta vi utsleppa frå ferjene med 90 pst. Alt låg til rette for at hurtigbåtane skulle følgje etter, men det skjedde ikkje. I staden har hurtigbåtane seila sin eigen sjø etter at Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa i 2024 fjerna klimakrava. Difor er eg superfornøgd med at vi i dette budsjettet har fått hurtigbåtsatsinga tilbake på rett kjøl att, og at vi no skal få klimakrav tilbake att. I Noreg er forskjellane på sitt høgaste på hundre år. Men vi skal jo være annleislandet. Difor set vi ned eit forskjellsutval som skal kome med tiltak for å få forskjellane ned og velferda opp. Samtidig styrkjer vi demokratiet gjennom fleire titals millionar til fleire sivilsamfunnsorganisasjonar. Som valt inn frå Hordaland er eg glad for å ha sikra pengar til Fargespill, Bergen Kjøtt, Bergen Pride, Epos og ikkje minst Stad skipstunnel. Då er det berre for meg å spele ballen vidare til landslagsgutane og satse på minst like gode resultat resten av sommaren som det dei viste oss denne veka. Og om det blir hat trick for Noreg også, står att å sjå.

  • 16. jun 202610:01· Innlegg

    Møte tirsdag den 16. juni 2026 kl. 10

    Eg tek ordet for å melde om at eg trekker tilbake representantforslaget frå Kirsti Bergstø og meg sjølv om å setje ned ein forskjellskommisjon, jf. dokument 8:279 S, då dette er innfridd i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett.

  • 11. jun 202617:21· Replikk

    Innstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2026 (Innst. 379 S (2025–2026), jf. Meld. St. 9 (2025–2026))

    Etter eit år i finanskomiteen har eg merka meg at finansministeren og statssekretærane og Finansdepartementet er svært opptekne av å oppretthalde meirverdiavgifta, fordi den utgjer ein så enorm og avgjerande del av finansieringa av vår felles velferd og statsfinansane. I denne saka merkar eg meg også at regjeringas parti har ein merknad der dei registrerer at meirverdiavgiftsunntaket for finansnæringa no er berekna til å utgjere om lag 19,18 mrd. kr, mens finansskatten, som ble innført av Solberg-regjeringa for å kompensere for dette unntaket, er anslått å utgjere 6,7 mrd. kr, og at denne differansen no utgjer 13,1 mrd. kr i næringens favør. Er finansministeren einig i at det er en urimeleg stor differanse i forhold til kva banknæringa eigentleg slepp av meirverdiavgift, og at det ikkje berre er rom for å auke skatten, men også viktig for å kunne oppretthalde heile meirverdiavgiftssystemet, og ikkje minst argumentere for ikkje å ha meirverdiavgift?

  • 11. jun 202616:45· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2026 (Innst. 379 S (2025–2026), jf. Meld. St. 9 (2025–2026))

    Renteauken kjennest verkeleg på kroppen til barnefamiliar og unge i etableringsfasen med høge bustadlån. Og renteauken kjennest i byggje- og anleggsbransjen, der vi har sett konkursar og aukande arbeidsløyse. Men renteauken merkast ikkje berre på lommeboka til folk og bedrifter, ein merkar renteauken også i velferda. For ein gjeldstyngd kommunesektor og sjukehus med store investeringar går pengane til å betale renter framfor å betale hender. Så rente- og pengepolitikken er svært viktig for oss alle. Renta blir sett av sentralbanken, og sentralbanken skal vere uavhengig, men no når vi evaluerer mandatet til sentralbanken, er det heilt nødvendig og bra for tilliten at vi denne våren har fått ein reell offentleg debatt om pengepolitikken i Noreg. Inflasjonsmålet på 2 pst. som vi har i dag, blei bestemt i ei heilt anna tid, 2018. Det var før korona, før Ukraina-krigen og før Trump sitt angrep på Iran. Det blei sagt at inflasjonsstyringa skal «være fremoverskuende og fleksibel, slik at den kan bidra til høy og stabil produksjon og sysselsetting». Men ettertida har vist at det blei inflasjonsmålet som gjekk føre. For vi er fleire, LO, Eiendom Norge og ei rekkje økonomar, som meiner at rentehevingane til Noregs Bank den siste tida er feil medisin når prisveksten kjem som eit kostnadssjokk utanfrå, slik ein såg med krigen i Ukraina og no krigen i Iran. Og mange av oss er jo redde for at konsekvensen har blitt høgre arbeidsløyse og fleire konkursar enn nødvendig. For sjølv om nokre ledigheitstal viser låg arbeidsløyse, viser AKU-tala at arbeidsløysa aukar, og spesielt blant personar i alderen 25 –39 år, noko som tyder på at arbeidsmarknaden generelt er i ferd med å bli svekt. Derfor er vi fleire som meiner at sysselsetjing og produksjon må bli likestilte i inflasjonsmålet i det nye mandatet. Stenginga av Hormuzstredet har i tillegg vist oss kor sårbar oljeøkonomien vår er. Derfor fremjar vi også forslag om at omsynet til grøn omstilling må bli inkludert i mandatet. Noreg er særeige på mange vis. Ikkje berre er vi ein stor oljenasjon, vi er også særeigne i måten vi bestemmer løningane på. Over tiår har våre sterke institusjonar i arbeidslivet, gjennom frontfagsmodellen, bidratt til å halde løns- og prisveksten stabil og redusere risikoen for varig høg inflasjon. Skal rentepolitikken ha legitimitet og sentralbanken gjere sin jobb, treng vi at evalueringa av mandatet tek inn over seg breidda i rente- og inflasjonsforskinga, og ikkje minst at vi i Noreg byggjer våre modellar på nettopp dei spesielle særtrekka ved norsk lønsdanning. Eit av hovudargumenta for å halde inflasjonsmålet på 2 pst. er at det er det målet dei fleste andre landa rundt oss har. Men då er det viktig å vite at land reknar forskjellig. For eksempel har Eiendom Norge lenge påpeikt at vi risikerer å lage vår eigen inflasjonsspiral når leigeprisane utgjer ein så stor del av måten vi måler inflasjonen på. Derfor er det veldig gledeleg at ein samla komité meiner det er klokt at ein tek ei vurdering av val av prisindeks samtidig med evalueringa. Lommeboka til folk er ikkje berre avhengig av den rentepolitikken som Noregs Bank fører, men også av renta til den banken dei faktisk har lånet sitt i. For den renta som kjem opp på mobilkontoen, er jo betydeleg høgre enn den renta som Noregs Bank set. Samanliknar vi oss med andre land, har norske bustadlånkundar også her høgre rente i bankane sine enn f.eks. i Sverige og Danmark. Dette er eit resultat av manglande konkurranse i bankmarknaden. Det er nedslåande å lese høyringssvara frå både Forbrukarrådet og LO mfl., som er tydelege på at fem bankar og kjeder i grunnen kontrollerer 80 pst. av marknaden. Det er ikkje rart at DNB kunne levere eit resultat på 9,9 mrd. kr i første kvartal 2026. Her skor verkeleg bankane seg på høg rente og manglande konkurranse, og vanlege folk betaler prisen. Men det er ikkje berre bustadlånet som gjer det vanskeleg for folk. Dessverre har vi sett ein vill vekst i usikre lån og forbrukslån, med skyhøge renter. Folk blir fanga i langvarige gjeldsproblem og ender opp med å betale mange gonger det dei først lånte. Derfor fremjar vi ei rekkje forslag som gjer det vanskelegare og mindre lønsamt å innvilge kreditt til folk som ikkje har moglegheit til å betale for det, og slik hindre at fleire hamnar i djup kredittkortgjeld. Ingenting vedrører folk så mykje som kva som merkast på lommeboka. Rentepolitikken er ikkje unnateke politikk, han er politisk, gjennom at vi politisk bestemmer rammene for pengepolitikken og mandatet til sentralbanken. Vårens debatt har vore nødvendig, og eg håper vi held fram med debatten når vi no skal gå inn i sluttrunden på evalueringa av det operative mandatet til pengepolitikken til Noregs Bank. Med dette tek eg opp SV sine forslag i saka.

  • 9. jun 202611:41· Innlegg

    Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Nikolai Astrup, Aleksander Stokkebø og Kari Sofie Bjørnsen om kvalitetssikring av støtte til flytende havvind (Innst. 401 S (2025–2026), jf. Dokument 8:213 S (2025–2026))

    Noreg har i hundreår hatt eit næringsliv som har vore verdsleiande på sjø og hav, og som dei siste åra også har betydd ei eventyrleg offshore- og oljehistorie. Over år har likevel næringslivet langs kysten omstilt seg i møte med ny teknologi og nye utfordringar. Norsk økonomi og kystindustri står no ved eit nytt slikt vegskilje. Skal vi fortsetje i eit spor der vi legg alle egga i ei korg, nemleg oljenæringa, eller skal vi byggje opp ei anna næring, som også byggjer på fortrinnet med den langstrakte kysten vår og dei store havområda, nemleg havvind? Det er det denne saka handlar om. Andre land med kyststripe gjer nemleg det, dei sett inn store midlar for å posisjonere seg og landet sitt, næringslivet sitt og sikre arbeidsplassar gjennom storstilt havvindutbygging. Det er ikkje berre påfallande og eit paradoks, det er direkte urovekkjande at då eg sist besøkte Akers verft på Stord, var det ikkje norske havvindprosjekt som sikra arbeidsplassane, det var kanadiske og amerikanske havvindprosjekt. Ein seier at denne saka berre handlar om kostnadskontroll og ei utgreiing, men ho blir støtta av parti som vil stoppe heile havvindsatsinga. Mens Høgre snakkar på inn- og utpust om føreseielegheit for næringslivet, er dette det motsette. Dette er oppskrifta på uføreseielegheit for næringslivet. Det som er frykta mi i denne saka, er at konsekvensen ikkje berre er at havvindsatsinga blir så usikker og så uførseieleg at alle havvindselskapa forlèt Noreg og vender seg til andre land, men det er konsekvensen som skjer når det verkeleg går opp for Arbeidarpartiet, Høgre og Frp at verfta våre manglar oppdrag, og næringslivet manglar kraft. Vi veit at ein ikkje treng konsekvensutgreiing i denne salen for, over bordet, å løyve ei oljeskattepakke på 68 mrd. kr, ei oljeskattepakke både den noverande og den førre statsministeren i ettertid har sagt blei altfor stor. Eg er også svært bekymra for konsekvensen av vedtaket som Raudt og Frp no støttar, er eit massivt press på vindkraftutbygging på land. Det er det vi risikerer når Arbeidarpartiet og Høgre finn saman i panikken over manglande kraft til industrien. Langs heile vestlandskysten ligg det føre planar om vindkraftanlegg på dei flottaste fjella og i den finaste kystnaturen, som vi foreløpig har klart å stanse, fordi det er planar om å byggje ny fornybar energi gjennom havvind. Blir havvindsatsinga skrota, vil desse partia og fleire samle seg om eit massivt press på stortilt utbygging av vindkraft på land. SV og Raudt har stått saman i motstanden mot utbygging av vindkraft på land langs kysten av Noreg, men dette vedtaket som blir fatta i dag, gjer at ein i staden for å stoppe eit havvindprosjekt, risikerer å setje verkeleg fart på vindkraftutbygginga. Det er det motsette naturen og klimaet treng no.

  • 28. mai 202620:13· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Henrik Asheim og Anne Kristine Linnestad om en modernisering av folkeregisterloven (Innst. 265 S (2025–2026), jf. Dokument 8:252 S (2025–2026))

    Marthe Hammer (SV) [20:13:19] (ordførar for saka): La meg begynne med å takke for godt samarbeid i denne saka. Folkeregisteret er ein sentral del av infrastrukturen i forvaltninga og har stor betydning for både offentleg teneste og rettane til den enkelte. Eit oppdatert og påliteleg folkeregister er ein grunnleggjande føresetnad for effektiv forvaltning, rettssikkerheit og tillit i samfunnet. I denne saka behandlar vi eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Henrik Asheim og Anne Kristine Linnestad om at Stortinget ber regjeringa fremje forslag til modernisering av bustadbestemmingane i folkeregisterloven. Ein samla komité merkar seg at forslaget blir grunngjeve med behov for større fleksibilitet i bustadregistreringa for bl.a. ektefellar og pendlarar, at endringar kan få verknader på tvers av regelverk, og at det allereie går føre seg eit arbeid med pendlarreglane. I sitt svar av 17. april 2026 viser statsråden til at gjeldande reglar byggjer på eit prinsipp om at registrert bustad skal gjenspegle faktiske buforhold, og at regelverket har nær samanheng med bl.a. skattereglar og andre ordningar der bustad har rettsverknad. Eg vil utdjupe ved å vise til svaret frå statsråden om at det ikkje er hensiktsmessig med forskjellige reglar for bustadregistrering i folkeregisteret og bustad i skattemessig betydning. Det er mange rettsverknader knytte til folkeregistrert bustad, og reglane om bustadregistrering av ektefellar, foreldre og pendlarar skal balansere forskjellige omsyn. Ei eventuell endring av reglane i folkeregisterloven om bustadregistrering vil reise ei rekkje spørsmål og få konsekvensar på mange rettsområde. Difor vil eg opplyse om at statsråden frårår at forslaget blir vedteke. Komiteens fleirtal, derimot, medlemane frå Framstegspartiet, Høgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, meiner at registrert bustad bør gjenspegle faktiske buforhold, og påpeiker at gjeldande reglar ikkje lenger oppfyller denne intensjonen på ein god måte. Reglane er komplekse og prega av samfunnsforholda frå tida då bestemminga blei laga. Fleirtalet i komiteen meiner difor at forslaget i denne saka om modernisering av bustadbestemmingane i folkeregisterlova bør vedtakast.

  • 28. mai 202620:03· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Tone Wilhelmsen Trøen, Haagen Poppe og Tage Pettersen om fastsettelse av provenyeffekt av fritak fra merverdiavgift på levende lyd og bilde (Innst. 259 S (2025–2026), jf. Dokument 8:244 S (2025–2026))

    Eg tek ordet i denne saka for å opplyse om at SV kjem til å stemme for forslaget som no ligg til behandling, og ikkje mot, slik det står i innstillinga. Vi ønskjer å støtte ei utgreiing av eit plattformnøytralt fritak for meirverdiavgift for nyheitstenester, herunder provenyverknad og korleis fritaket kan avgrensast. Eg vil vise til innspelet frå Mediebedriftenes Landsforening til saka om at media har teke store steg for å tryggje samfunnsrolla si i møte med den digitale utviklinga, men at ein ikkje ville greidd det utan ein aktiv og brei politisk vilje til å lage føreseielege og framtidsretta rammer. Norske mediehus er verdsleiande i både digitalisering og brukarbetaling. I møte med aukande desinformasjon, påverknadsoperasjonar og svekt økonomisk berekraft må mediepolitikken gje gode, framtidsretta og føreseielege rammevilkår for å oppretthalde sterke redaktørstyrte media. I 2016 sørgde eit samla storting for at fritaket for aviser, som Noreg alltid har hatt, blei gjort teknologinøytralt. I 2019 blei fritaket for tidsskrifter også gjort teknologinøytralt, og fritaket blei igjen knytt til innhald. Det førte til eit frislepp av digital innovasjon. Resultatet er at Noreg er best i verda på digital brukarbetaling. Norske aviser har no nesten to millionar heildigitale abonnentar. Men med avviklinga av meirverdiavgiftslova § 6-2 i 2023 blei det endra, og ein har ingen garanti for at norske media klarer å bevare den samfunnsrolla og evna til å finansiere journalistikken på dagens nivå. Samfunnsrolla er under stort og aukande press. Brukarane sine vaner og forventningar endrar seg stadig raskare med auka krav til innovasjon og utvikling, og globale tekgigantar vinn stadig meir av folks tid. For å oppretthalde dekninga, må ein lykkast med å få langt fleire i aldersgruppa 30–50 år til å bli abonnentar, og det krev at mediehusa kan møte brukarane sine krav til både innhald og presentasjonsform, og bruk av levande bilde og lyd er sentralt for yngre mediebrukarar. Så for å oppretthalde og utvikle medias posisjon krevst det ein dyktig og innovativ bransje, men også aktiv politisk vilje, og momsfritak for media er det viktigaste mediepolitiske verkemiddelet for å stimulere til konsum og produksjon av redigert medieinnhald og fremje også norsk språk og kultur. Norske media har ein sterk stilling, noko som er avgjerande for at Noreg skal forbli eit tillitsbasert samfunn. Det står i sterk kontrast til den negative utviklinga vi ser i ei rekkje andre land, både i Europa og andre stader. Så ei plattformnøytral regulering av meirverdiavgifta vil gje redaktørstyrte media betre rammevilkår for å levere på samfunnsoppdraget og vil leggje til rette for eit berekraftig mediemangfald. Så oppsummert: SV støttar forslaget som vi meiner vil kunne skape eit godt beslutningsgrunnlag for å gå vidare med eit plattformnøytralt fritak for meirverdiavgift for nyheitstenester.

  • 28. mai 202619:48· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Siv Sætran og Erling Sande om å innføre forenkling og redusert byråkrati som selvstendige hensyn i utredningsinstruksen (Innst. 264 S (2025–2026), jf. Dokument 8:211 S (2025–2026))

    SV er einige i målet om å redusere administrative byrder og sikre meir effektive og målretta tiltak. Samtidig veit vi at mange tiltak med direkte – og særleg indirekte – konsekvensar for natur og klima, i dag ikkje blir tilstrekkeleg vurderte i dei statlege utgreiingane. Det har både Klimautvalet 2050 og Riksrevisjonen tidlegare kritisert. Utgreiingsinstruksen angjev generelle krav til utgreiingar, men omtaler i liten grad natur- og klimaomsyn. Han stiller heller ingen krav om å analysere ny klima- og naturrisiko. Det gjev eit svakt avgjerdsgrunnlag og bidrar til manglande heilskaplege miljøperspektiv i statlege tiltak. Difor tok eg ordet for å fremje eit forslag på vegner av SV, Raudt og MDG, om at Stortinget ber regjeringa endre instruks om utgreiing av statlege tiltak og tilhøyrande rettleiar, sånn at det stillast krav til at forvaltinga i sitt utgreiingsarbeid vurderer klima- og naturkonsekvensar av relevante tiltak og verkemiddel.

  • 28. mai 202619:05· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Frøya Skjold Sjursæther, Julie E. Stuestøl, Ingrid Liland, Siren Julianne Jensen, Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard og Une Bastholm om å stanse subsidiene til petroleumsselskapenes utgifter knyttet til markedsføring og lobbyisme (Innst. 261 S (2025–2026), jf. Dokument 8:163 S (2025–2026))

    Eg vil starte med å seie at det er eit viktig forslag som representantane frå MDG føreslår her. I utgangspunktet er det slik at driftsutgifter som gir skattefrådrag etter skattelova, skal vere pådradde for å sikre skattepliktig inntekt, men etter SV sitt syn er storstilt sponsorverksemd ei tvilsam tilknyting til utvinningsaktivitet og i beste fall ei indirekte tilknyting gjennom påverking av myndigheitsutforming og rekruttering. Store frådrag i petroleumsskatten har vore å gi insentiv til oljeutvinning gjennom at staten tek på seg ein stor del av investeringsrisikoen. Hensikta med skatteordninga har ikkje vore å innføre subsidiar til lobbyisme og reklame for bransjen. Difor meiner fleire av oss at vi må avskjere frådragsrett for utgifter til kampanjar, eventar eller tiltak som har til hovudformål å påverke samfunnsdebatten. Dette er ikkje noko vi har funne på. FNs klimapanel har tidlegare trekt fram regulering av fossil reklame som eit tiltak for å kutte utslepp, og FNs generalsekretær har oppfordra medlemsland til å innføre forbod mot fossil reklame. Dei siste åra har det blitt dokumentert at petroleumselskap internasjonalt har brukt den økonomiske og politiske posisjonen sin til å spreie desinformasjon om klima, og det er i dag ingen krav til rapportering eller openheit om kva ressursar som blir brukte av fossilindustrien på marknadsføring og påverking i Noreg, men historisk kjende tal tilseier at det blir brukt hundrevis av millionar årleg. Etter SV sitt syn er den store lobbyverksemda og marknadsføringa til norsk fossilindustri skadeleg for klimaet og bør avgrensast. Eit minimum for å forhindre stor ressursbruk på klimafiendtleg reklame er difor større openheit om marknadsføringskostnader for dei aktuelle selskapa. Regjeringa bør greie ut krav om at selskapa som er omfatta av petroleumsskatten, må spesifisere desse kostnadene for myndigheitene. Vi støttar difor at petroleumsskatten blir meir treffsikker, men samtidig er det viktig for meg å understreke viktigheita av eit organisert arbeidsliv også på sokkelen. Føresetnaden for eit organisert arbeidsliv er ikkje berre fagforeiningar, med også arbeidskjøparforeiningar og foreiningar som Offshore Norge, ikkje først og fremst lobbyorganisasjonar, men arbeidskjøparorganisasjonar. Vi deler difor kritikken av at petroleumsnæringa bruker store summar på lobbyverksemd, men vi er skeptiske til å ta grep som kan gjere det mindre attraktivt for desse selskapa å vere ein del av det organiserte arbeidslivet. Vi er difor medforslagsstillar på mange av forslaga i denne saka, men ikkje alle, og vi tek i så fall opp dei forslaga vi er einige i.

  • 13. mai 202611:21· Replikk

    Møte onsdag den 13. mai 2026 kl. 10

    Bustadpolitikken som blir ført i dag, er ein forskjellsmaskin. Husbanken har anslått at det no er 4 700 bustadslause i Noreg. Mange av dei er barn. Det skjer fordi prisen på å få seg ein heim har eksplodert. I tillegg fører renteaukinga til at barnefamiliar og unge i etableringsfasen med høge bustadlån verkeleg kjenner det på lommeboka. Vi treng å byggje fleire bustadar, vi treng å byggje dei raskt. Difor har SVs milliardløft til Husbanken vore nødvendig. Det er ein start, men høgst nødvendig. Noreg er samtidig i verdstoppen i bustadgjeld, og då må vi stille oss spørsmål om den pengepolitikken som blir ført, er riktig og basert på dei rette føresetnadane. Leigeprisane blir målte forskjellig i Noreg og Sverige. I Noreg utgjer leige- og eiebustadprisane ein betydeleg del av KPI-en, og auka rente og høgare leigeprisar driv inflasjon opp. Både Eiendom Norge og NHOs påtroppande sjefsøkonom seier det er med i inflasjonen. Når bukostnadane er den største utgifta for folk og auka rente gjer det verre, er finansministeren einig med Eiendom Norge i at når leige- og eigeprisane utgjer ein så stor del av KPI, risikerer vi å auke inflasjonen med auka rente heller enn å redusere den?

  • 13. mai 202611:19· Replikk

    Møte onsdag den 13. mai 2026 kl. 10

    Uroa rundt Hormuzsundet minner oss om kor farleg og ustabil den fossile økonomien er, og kor sårbare og avhengige vi er av olje. Vi ligg allereie bakpå i omstillinga av norsk økonomi, og når verda raskt omstiller seg for å bli meir uavhengig av olje og gass, må vi henge med. Viss ikkje risikerer vi både arbeidsplassar og miljø. Det er svært lite i dette budsjettet som minner om at verda allereie har mindre olje på verdsmarknaden, og at det kan bli mindre i månadane som kjem. Samtidig viser det kor sårbar og avhengig verda er av olje. I tillegg til at det viser kor sårbar og avhengig verda er av olje, sende òg krigen i Iran eit oljeprissjokk i verdsøkonomien. Før påske vedtok altså eit fleirtal i denne salen midlertidig avgiftskutt som svar på raskt aukande drivstoffprisar. Då sa regjeringa at dei skulle kome tilbake med tiltak for vanlege folk i revidert. Ei openberr løysing for det er å svare ut avgiftskuttet på drivstoff med å gjere kollektivtransporten billegare og betre, men i staden ser vi at regjeringa kuttar i kollektivprosjekt. Er det berre bilistar som skal få betre økonomi? Kva er eigentleg regjeringas tiltak for å betre folks økonomi i dette budsjettet?

  • 13. mai 202611:17· Replikk

    Møte onsdag den 13. mai 2026 kl. 10

    Ikkje berre er kvardagsøkonomien til vanlege folk pressa, deler av velferda er også på brestepunktet. Renteaukinga gjer at gjeldstynga kommunar og sjukehus slit og må kutte. Stramt og ansvarleg er ikkje å la sjukefråværet fortsetje å auke i barnehagane. Vi byggjer ikkje velferd på utbrente skuldrer, vi må sikre fleire folk på jobb. Ansvarleg politikk er å sørgje for nok folk til å byggje legoklossane i barnehagen og å hente teiknesakene i SFO. Då trengst det folk, og det trengst omfordeling. Det er det einaste ansvarlege å gjere. DNB kan vise til rekordoverskot, med over 10 mrd. kr berre i fyrste kvartal. Noreg har aldri hatt fleire milliardærar. Det er ein annan veg i ansvarleg styring, nemleg å auke skattane til dei som har aller mest i dette landet, og for banksektoren. Historia kjem ikkje til å spørje om regjeringa heldt skatteløftet sitt, den kjem til å spørje om Noreg brukte rikdomen og handlingsrommet då verda tvinga oss til å handle, til å redusere forskjellane, utvide velferda og omstille oss. Spørsmålet mitt er: Når målet er å dempe presset utan å ramme folk, kvifor er regjeringa meir oppteken av å skjerme dei rikaste frå økt skatt enn å auke velferda?

  • 13. mai 202611:13· Innlegg

    Møte onsdag den 13. mai 2026 kl. 10

    Spørsmålet mitt går til finansministeren. I revidert, som kom i går, skriv regjeringa at i ei tid med auka internasjonal uro, vil regjeringa føre ein politikk som tek vare på dei små forskjellane og den høge tilliten vi har i Noreg. Men det som blei lagt fram i går, er jo «copy-paste» frå i fjor, eller som statsministeren kalla det: stramt og ansvarleg i fjor, stramt og ansvarleg i år. Sidan i fjor har vi fått krig i Iran og stenging av Hormuzstredet. Verdsøkonomien, energimarknaden og utsiktene for norsk økonomi er vesentleg endra. Vi har no fått eit nytt oljeprissjokk, som også kjem med auka matvareprisar. Aleinemødrer kvir seg for å gå i butikken fordi dei må velje mellom middag eller frukost. Folk legg seg om kvelden med ein klump i magen fordi dei ikkje veit om dei får til å betale rekningane sine. På toppen av dette kjem renteaukinga, som gjer økonomien til barnefamiliane og unge i etableringsfasen med høge bustadlån endå vanskelegare. I ei slik tid må vi sikre kvardagsøkonomien til vanlege folk og redusere forskjellane. Dei seinaste dagane har vi høyrt heile regjeringsapparatet, seinast på denne talarstolen, snakke på innpust og utpust om tiltak som verkeleg gjer noko med økonomien til folk, som ein historisk låg barnehagepris på 1 200 kr, kutta med meir enn 20 000 kr i året, gratis SFO, og at med gjennomslaga til SV har vi nesten dobla barnetrygda, som no er over 2 000 kr. Vi har redusert både antalet og andelen barn som veks opp i fattige familiar, og folk som har lite, får meir, slik som med aukinga i minstepensjon. Problemet er jo at dette er saker som SV har kjempa fram, ikkje regjeringa. Regjeringa kjem ikkje med nokon tiltak for å betre kvardagsøkonomien til folk i dette budsjettet. I staden er det altså «copy-paste» frå i fjor. Når regjeringa no legg fram eit budsjett utan å svare på dei store utfordringane folk står i, betyr det at regjeringa tenkjer at det er SV som nok ein gong skal gjere jobben ved å sørgje for gjennomslag som betrar kvardagsøkonomien til vanlege folk og får ned forskjellane i ei uroleg tid? For kva er eigentleg tiltaka som regjeringa kjem med i revidert som reduserer forskjellane?

  • 21. apr 202614:34· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Henrik Asheim og Ola Svenneby om lavere og mer forutsigbar skatt på folks bolig og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Marit Vea om å midlertidig suspendere den nye modellen for beregning av formuesverdi på bolig (Innst. 188 S (2025–2026), jf. Dokument 8:94 S (2025–2026) og Dokument 8:97 S (2025–2026))

    Det er svært fornuftig å få ei meir rettferdig og korrekt verdsetjing av dyre bustader. Det har SV jobba for lenge, og vi fekk også i førre periode gjennomslag for at vi skulle få denne utgreiinga. Det er her snakk om svært dyre bustader, anten dei er på over 10 mill. kr eller over 14 mill. kr. Det velkjent at dyre bustader over år har hatt ei for låg verdsetjing, og difor er det betalt for lite skatt for desse i forhold til folk som har bustader som ikkje er verdt så mykje. Det er difor bra at det kjem ei utgreiing som viser at det er mogleg å gjere det meir korrekt og meir rettferdig. Problemet er ikkje at vi ikkje får ei meir rettferdig skattlegging av dei aller dyraste bustadene i Noreg. Problemet er at bustadmarknaden har blitt ein forskjellsmaskin der unge slit med å kome seg inn på bustadmarknaden. Det å eige bustad er og har vore veldig gunstig i Noreg. Samanlikna med andre land er det veldig låg skattlegging av bustader i Noreg. Vi er mange som ønskjer oss lågare skatt på låge inntekter, og at vi skal stimulere til arbeid, og då er det fornuftig i staden å skulle skattleggje formueobjekt som eigedom. «Tax wealth, not work» er ein bevegelse som ønskjer at vi skal vri skattesystemet over til formue og eigedom og ikkje til arbeid. Det er også ei overdriving at dette var ei skattebombe. Det er nesten 400 000 som har fått mindre skatt no – 230 000 i den første runden og eventuelt no nesten 500 000 med den nye modellen. At nokre får så mykje skattelette, skjøner eg heller ikkje at nokon kan vere ueinig i. Det er sånn at den endringa som statsråden gjorde for nokre veker sidan, også har nokre utfordringar, når ein endrar frå 10 mrd. kr til 14 mrd. kr. Vi ser at bl.a. dei bustadene som er aller, aller dyrast, også får den største skatteletten. Dette er openbert ei sak som vi ikkje er ferdig snakka om. Eg er veldig glad for at vi har fått denne modellen oppe og gå, sånn at det er mogleg å få ei meir korrekt og rettferdig verdsetjing av bustader. I ei tid der det blir varsla innstrammingar og at velferda må kuttast, trengst det i eit ansvarleg budsjett inntekter som også bidrar til fellesskapet, og då er det fornuftig å få ei rettferdig skattlegging også av eigedom.

  • 21. apr 202613:49· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om Endringer i foretakspensjonsloven og forsikringsvirksomhetsloven (forvaltning av garanterte pensjonsprodukter) (Innst. 177 L (2025–2026), jf. Prop. 31 L (2025–2026))

    Det er behov for endringar i regelverket for forvaltninga av garanterte pensjonsprodukt. I mange år har desse fripolisane forvalta av livselskapa ikkje hatt noka som helst regulering, noko som har gjeve betydeleg lågare pensjonar enn det som var lova, og som innbetalt pensjonskapital bør kunne sørgje for. Det gjev eit tap for den enkelte pensjonist, men også for samfunnet, ved at store midlar blir forvalta for forsiktig. Over tid har ein altså opplevd lita eller inga regulering av pensjonsytingane, og det har svekt kjøpekrafta og levekåra til pensjonistane. SV og Raudt er difor i denne saka einig med bl.a. høyringsuttalene til LO og Pensjonistforbundet i at forslaga i proposisjonen ikkje løyser dei grunnleggjande problema knytt til låg avkasting og manglande oppregulering av fripolisar. Vi viser eksplisitt til Fafos rapport frå 2018, Ikke som forventet, som peikar på at det krevst eit meir djuptgripande tiltak for å betre denne forvaltninga. Vi meiner at det er behov for ein ny gjennomgang av ordninga, og at vi må sjå vidare på dei forslaga som ligg i Fafo-rapporten. Vi meiner òg at regjeringa burde sett ned ei slik arbeidsgruppe allereie no i vår for å greie ut meir gjennomgripande endringar i korleis fripolisane blir forvalta og organiserte. Det er også fleire parti som viser til at den største og mest radikale endringa regjeringa føreslår i proposisjonen, er forslaget om lånt eigenkapital. Vi meiner forslaget bryt med premissen om at endringane skal vere til fordel for kundane, og vi er difor imot regjeringas forslag om innføring av lånt eigenkapital. Vi kan ikkje støtte eit forslag som svekkjer kundane sine rettar og ikkje er i deira interesse. Eit anna punkt er bufferfond – at dagens reglar om pliktig nedbygging av bufferfond i utbetalingsfasen blir føreslått fjerna og erstatta med krav om at pensjonsleverandørane sjølve skal fastsetje retningslinjer for opp- og nedbygging av buffer. Vi er også kritiske til det og viser igjen til Pensjonistforbundets høyringssvar, som peikar på at desse livforsikringsselskapa har hatt klare insentiv til å halde bufferkapitalen tilbake, ettersom det reduserer behovet for eigenkapital og då avgrensar pensjonspliktene selskapet har overfor kundane. Vi meiner også, i likskap med Pensjonistforbundet, at kravet burde ha vore at den årlege pensjonsutbetalinga utgjer ein bestemt andel av premiereserven, og at den skal tilsvare andel av bufferfondet og utbetalast som eit kronetillegg. Det siste punktet gjeld investeringsval. Eit breitt fleirtal i høyringsrunden, frå LO, Forbrukerrådet og Pensjonistforbundet til Finanstilsynet og Fintech Norway, tek til orde for løysingar for å gå i retning av å gje kundane rett til å konvertere frå garanterte fripolisar til fripolisar med investeringsval. Ei slik løysing vil vere positivt for kundane då dei sjølve kan velje investeringsprofil. Vi er difor fleire parti som meiner at regjeringa må kome tilbake med forslag som gjev kundane rett til konvertering frå garanterte fripolisar til fripolisar med investeringsval. Eg tek opp forslaga våre. Eg trur FrP har teke opp forslag, men det er nokre forslag som SV har saman med andre, og som eg no tek opp. Vidare vil vi stemme subsidiært for forslag nr. 4.

  • 21. apr 202613:06· Innlegg

    Interpellasjon fra representanten Marthe Hammer til næringsministeren: «DNB er Norges største bank, og staten er største eier. Banken har de siste årene levert enorme overskudd, blant annet fordi rentene for vanlige folk har økt kraftig. Samtidig opplever mange høyere boutgifter og strammere økonomi. Køene til matutdeling har aldri vært lengre. Konsernsjef Kjerstin Braathen fikk i fjor en samlet godtgjørelse på 18,7 mill. kroner i fjor, en lønnsøkning på mer enn ti prosent fra året før. Dette sk

    Det er urolege tider. Det er krig i Ukraina og krig i Iran, prisane aukar, og det er varsla ytterlegare renteauke, Mens andre får høgare bustadlån og mindre på konto, vil altså DNB mest sannsynleg gå med endå større overskot komande år. Men det kan ikkje bety at sjefen i DNB kan fortsetje å få ein lønsauke som langt overgår resten av lønsauken i Noreg. I krevjande tider, der vanlege folk får det tøffare, er det ekstra viktig at regjeringa styrer og sikrar ei utvikling som får dei økonomiske forskjellane ned, sikrar velferda og stiller opp om den norske modellen for lønsdanninga. Og i ei slik tid ikkje berre kan, men bør regjeringa handle. Regjeringa kan begynne å gjere alvor av sine eigne retningslinjer om moderasjon, ikkje berre som ei forventning, men som får konsekvensar, og som blir etterfølgt. Det er altså fem år sidan Støre sjølv sa at han var open for lønsfrys og for å stoppe leiarlønsgaloppen. SV har føreslått leiarlønskommisjon og lønsfrys for dei høgast løna leiarane, som Arbeidarpartiet sjølv måtte gjennomføre når dei sat i opposisjon. No kan dei gjennomføre når dei sit i posisjon. Det er openbert at det går godt i banksektoren, og at det er rom for å hente inn meir til velferda og sikre at ikkje berre dei aller, aller høgast løna toppleiarane får løn, men at det også er mogleg å hente inn meir frå banksektoren for å sikre velferda. Det gjeld spesielt også på finansskatt. Men i dag, på DNBs generalforsamling, handlar det ganske enkelt om at regjeringa kan stemme i tråd med eigne og Stortinget sine reglar og styringssignal, og med det vise at det ikkje berre er tomme ord, men reell handling som må til om denne leiarlønsgaloppen skal stoppast.

  • 21. apr 202613:01· Innlegg

    Interpellasjon fra representanten Marthe Hammer til næringsministeren: «DNB er Norges største bank, og staten er største eier. Banken har de siste årene levert enorme overskudd, blant annet fordi rentene for vanlige folk har økt kraftig. Samtidig opplever mange høyere boutgifter og strammere økonomi. Køene til matutdeling har aldri vært lengre. Konsernsjef Kjerstin Braathen fikk i fjor en samlet godtgjørelse på 18,7 mill. kroner i fjor, en lønnsøkning på mer enn ti prosent fra året før. Dette sk

    Som statsråden sjølv sa: I dag er det generalforsamling i DNB. Banken har dei siste åra levert enorme overskot, blant anna fordi renta for vanlege folk har auka kraftig. Mens vanlege folk har fått høgare buutgifter og strammare økonomi fordi DNB har tent svært godt på eit høgt rentenivå, hadde DNB-sjef Kjerstin Bråthen i fjor ei samla løn på 18,7 mill. kr. Det er 10,6 pst. meir enn året før. DNB-sjefen får altså ein lønsauke som er langt over dobbelt så høg som det vanlege folk kan forvente å få. Det er fullstendig uansvarleg. I eigarskapsmeldinga, som statsråden også var inne på – og som eit samla storting har stilt seg bak – heiter det ikkje berre at moderasjon er noko ein skal ta omsyn til i fastsetjing av leiarløningane. I eigarskapsmeldinga står det også at dersom veksten i samla godtgjering eller i enkelte godtgjeringselement er større for leiande tilsette enn for tilsette elles, anten prosentvis eller kronemessig, er staten oppteke av at styret gjev ei særskild grunngjeving i lønsrapporten for selskapet. 10 pst. lønsauke til DNB-sjefen er betydeleg og langt over frontfagsramma. Har statsråden bedt om, og fått, denne særskilde grunngjevinga som retningslinjene krev når leiarløna aukar meir enn den generelle lønsauken i selskapet? Og kva tenkjer næringsministeren å gjere i dagens generalforsamling? Har vi fått denne grunngjevinga, og vil statsråden for ein gongs skyld gjere noko meir enn berre å forvente moderasjon frå selskap der staten er ein dominerande eigar, og faktisk stemme for sine eigne retningslinjer og imot den enorme lønsauken til DNB-sjefen? Har statsråden vurdert om det skal få nokon konsekvensar for styremedlemene som ikkje følgjer retningslinjene frå Stortinget og regjeringa, som at statsråden f.eks. vurderer å skifte ut eventuelle styremedlemer som ikkje følgjer opp moderasjon?

  • 21. apr 202612:51· Innlegg

    Interpellasjon fra representanten Marthe Hammer til næringsministeren: «DNB er Norges største bank, og staten er største eier. Banken har de siste årene levert enorme overskudd, blant annet fordi rentene for vanlige folk har økt kraftig. Samtidig opplever mange høyere boutgifter og strammere økonomi. Køene til matutdeling har aldri vært lengre. Konsernsjef Kjerstin Braathen fikk i fjor en samlet godtgjørelse på 18,7 mill. kroner i fjor, en lønnsøkning på mer enn ti prosent fra året før. Dette sk

    Det er vår; det er lønsforhandlingar. Frontfaget har kome i mål, men tilsette i restaurantbransjen har gått i streik. Folk i hotell- og restaurantbransjen står streikevakt for seg sjølv og kollegaene sine for eit lønsløft i ein bransje med dei lågaste løningane i landet, slik at vanlege folk, kollegaene deira, kan ha noko igjen når handlekorga og bustadutgiftene er betalte. Det krev ei lønsauke som er så høg at ho ikkje straks blir nulla ut av at vanlege utgifter er høgare enn før. Den bekymringa har ikkje landets toppleiarar, for samtidig med at vårsola skin på dei streikande, blir det levert rapportar om at leiarløningane fortsett å auke mykje meir enn vanlege løningar – også i selskap der staten er dominerande eigar. La meg berre ta nokre eksempel: DNB-sjef Kjerstin Braathen hadde i fjor ei samla løn på 18,7 mill. kr. Det er 10,6 pst. meir enn året før. Yara-sjef Svein Tore Holsether auka løna med nær 7 pst. i fjor, til 17 mill. kr. Holsether er også president i NHO. Equinor-sjef Anders Opedal fekk ein kompensasjon på 23 mill. kr i fjor. Dermed auka løna med 1 mill. kr. Telenor-sjef Benedicte Fasmer fekk 16,18 mill. kr i løn. Kongsberg Gruppens sjef, Geir Håøy fekk 14,39 mill. kr i 2025. Noko av det beste med Noreg er den norske modellen for lønsdanning, der konkurranseutsett industri forhandlar først for eit nivå på lønsauken som næringsliv og norsk økonomi toler. Den hadde ei ramme på 4,4 pst. Likevel ser vi at frontfagsramma openbert ikkje gjeld for norske toppleiarar i statlege selskap, og det gjeld heller ikkje sjølv om dei statlege selskapa har fått tydelege signal frå regjering og storting om at ein forventar moderasjon. Forventninga er uttrykt både i eigarskapsmeldinga og i eigne retningslinjer, men selskapa bryr seg ikkje. I eit oppslag i VG for fem år sidan, i mars 2021, kravde Jonas Gahr Støre statleg leiarlønsfrys om han kom til makta. Den gong då var det framleis pandemi. Han oppfordra då Høgre-regjeringa til å sjå på korleis den akutte pandemien auka ulikskapen, og at det gjorde det nødvendig å ta grep for å bremse lønsfesten for leiarane i det offentlege og i selskap der staten hadde eigardel. Sidan den gong har vi hatt krig i Ukraina, dyrtid, auka renter og matkøar som aldri har vore så lange – og no, til sist, endå ein krig, i Iran. Ulikskapen har auka. Medan vanlege folk har fått det tøffare, har altså dei på toppen stukke frå. Det gjeld ikkje berre milliardformuane som veks enormt på svært få hender. Det gjeld også løna til toppleiarane. Medan vanlege folk blir bedne om moderasjon, folk står og streikar utanfor hotella, og regjeringa varslar innstramming i velferda, fortsett altså leiarlønsfesten i dei statlege selskapa. No har regjeringa styrt i fem år, og leiarløningane fortset å stige til nye høgder. Det er ingenting som tyder på verken moderasjon eller ansvarskjensle når DNB-sjefen får ei solid lønsauke på 10 pst. For fem år sidan sa Støre til VG at «de ikke bare vil oppfordre, men handle», og at dei ville ha «kontroll over lederlønnsgaloppen». Kvar har det blitt av handlinga, og på kva måte meiner statsråden at regjeringa har fått kontroll på leiarlønsgaloppen? Og kva slag signal tenkjer statsråden at desse leiarlønene sender til Fellesforbundet og resten av fagrørsla som tek ansvar for heile den norske lønsmodellen, og som samtidig står med streikevestar for å heve løna innan hotell- og restaurantbransjen så mykje at det faktisk er mogleg å leve av den, når toppsjefane i statlege selskap openbert meiner dei fortener langt over dobbelt så høg lønsauke som resten av oss?

  • 21. apr 202610:02· Innlegg

    Møte torsdag den 21. april 2026 kl. 10

    På vegner av representanten Kirsti Bergstø og meg sjølv er det ei glede å setje fram eit representantforslag om å setje ned ein forskjellskommisjon.

  • 25. mar 202613:29· Innlegg

    Møte onsdag den 25. mars 2026 kl. 10

    Vi må ta grep som tryggjar folk om Trump fortset å drive økonomien inn i krise. Då kan vi ikkje berre sjå på pumpeprisen. Han svir no, men når oljeprisen aukar, risikerer vi også auka prisar i heile samfunnet – på mat, på bustadlån og på det meste. Difor treng vi fleire grep som betrar kvardagsøkonomien til folk over heile linja. Vi treng tiltak som bidreg til å redusere prispresset, og som faktisk gjev meir pengar i lomma for folk. Vi treng også løysingar som faktisk utbetalar pengar til folk. Vi treng løysingar som gjer at vi kan få ut pengar raskt i krisetid, og i ei tid der vi skal ha høge klimaavgifter for å redde klimaet. For SV er det ikkje aktuelt å vere med på ei hastebehandling. Vi meiner det er useriøst, og det er ein usikker kostnad. Vi kan ikkje ta dette rett over bordet. Det må takast i den ordinære behandlinga.

  • 18. mar 202611:14· Replikk

    Møte onsdag den 18. mars 2026 kl. 10

    I går kom Statistisk sentralbyrå med den relativt nedslåande analysen at vi nok ikkje kjem til å sjå rentenedsetjingar i år. Krigen i Midtausten vil kunne gje auka importprisar her heime. Sjølv om økonomien den seinaste tida har betra seg ein heil del, er det openbert at vi kan risikere ei ny dyrtid, og det etter ei dyrtid frå koronapandemien som har sett seg fast for mange her i landet. Arbeidarpartiet gjekk til val på det dei kalla ei trygg økonomisk styring som ville få renta ned, men det har vi sett lite til. Den trygge økonomiske styringa innebar derimot eit skatteløfte som ikkje vil bidra til å omfordele dei store verdiane i Norge til velferda som rustar oss i usikre tider. Erfaringane frå krisetiltak i koronakrisa viste at forskjellane auka under pandemien. Dei som sleit frå før, fekk det verre, ikkje betre med krisetiltak. Derfor er det ekstra viktig i møte med ei uroleg framtid å sikre omfordelande politikk. (Presidenten klubbar.) Kva vil finansministeren gjere for at ei ytterlegare ny dyrtid med auka prisar ikkje skal føre til at endå fleire slit, og har vi nok kunnskap til å stake ut ein ny politikk for å snu forskjellsutviklinga? (Presidenten klubbar igjen.)

  • 18. mar 202611:12· Replikk

    Møte onsdag den 18. mars 2026 kl. 10

    Regjeringa var svært handlekraftig for å finne løysingar sånn at eigarane av dei aller dyraste bustadane fekk mindre bustadskatt. Samtidig viser nye tal denne veka at bustadløysa aukar kraftig, med ei dobling i Bergen og Oslo – totalt ei tredobling. I fjor fekk 7 357 husstandar ein mellombels stad å bu av kommunen. Vi har no over 1 000 norske barn som ikkje har ein stad dei kan kalle heim. Ein blir stressa, einsam og får dårlegare fysisk og psykisk helse av ikkje å ha ein stad å bu, seier Kirkens Bymisjon. Når over 1 000 barn i Noreg manglar ein trygg stad å bu, kvifor meiner regjeringa at det viktigaste å prioritere no, er skattelettar i bustadskatten for dei med dei aller dyraste bustadane, og ikkje å omfordele meir pengar sånn at alle saman kan ha ein trygg stad å bu og pengar til å betale rekningane sine?

  • 18. mar 202611:10· Replikk

    Møte onsdag den 18. mars 2026 kl. 10

    I går fekk eg moglegheit til å vere på eit skattesymposium i Brussel, og der fekk eg æra av å høyre tidlegare nobelprisvinnar i økonomi Joseph Stiglitz. Han var tydeleg: Verda står overfor ei klimakrise, ei økonomisk ulikskapskrise og ei demokratikrise. Dei rikaste fører ein vedvarande og effektiv krig mot skattlegging gjennom lobbyisme, klaging over tonen i debatten, aggressiv skatteplanlegging, misbruk av skatteparadis og ordningar som gjev lågare effektive skattesatsar. Det skjer i verda, og det ser vi verkeleg i Noreg også. Dollarmilliardærane har no 4 000 gonger så stor sjanse for å bli folkevalde som vanlege folk i verda. Stiglitz var tydeleg på at ulikskapskrisa må tas tak i av dei som styrer, av regjeringane, gjennom ein omfordelande skattepolitikk og ein plan for å få ned forskjellane. Det eg lurar på, er: Kva har finansministeren tenkt å gjere for at ikkje Oxfam neste år igjen skal leggje fram ein rapport der dei ti rikaste personane i Noreg eig like mykje som halvparten av befolkninga i Noreg? Kva er eigentleg finansministeren og regjeringas plan for å få ned forskjellane i Noreg?

  • 18. mar 202611:06· Innlegg

    Møte onsdag den 18. mars 2026 kl. 10

    Folk ser drivstoffprisane auke kvar einaste dag. Aleinemødrer går i butikken med klump i halsen fordi summen på kassalappen veks og veks. Matkøane er rekordlange. Samtidig er det nokre få på toppen som stikk ifrå, og det gjer dei i racerfart. I fjor auka formuane til dollarmilliardærane tre gonger fortare enn dei gjorde i snitt i femårsperioden før. Det er ei brutal verd for mange og ei fantastisk verd for dei få – ikkje berre i verda, men også i Noreg. Dei fremste ekspertane i verda i Oxfam har sett på Noreg med lykt og lupe og funne at Noregs ti rikaste personar eig meir enn det halvparten av befolkninga gjer. Dei aller rikaste i Noreg sit altså på ein sjokkerande stor andel av rikdomen i Noreg. I fjor steig formuane til norske milliardærar med 57 pst. – heile 276 mrd. kr – mens den fattige halvparten av befolkninga i Noreg sit på berre 3,5 pst. av den samla formuen. Vi har altså no eit Noreg der det for dei aller rikaste ikkje lenger held med eitt privatfly, men ein må ha to, slik vi har kunna lese om Rema-Reitan det siste året. Dette skjer samtidig som aleinemødrer får vondt i magen av å gå i butikken, fordi summen på kassalappen frå Rema-Reitan blir for stor. Slik hadde det ikkje trunge å vere. Barnefamiliar hadde ikkje trunge å bekymre seg for framtida viss vi hadde omfordelt betre. Dei aller fattigaste hadde ikkje trunge å stå i matkø viss vi hadde omfordelt litt meir av rikdomen, frå dei som har i overflod. Det er ingen naturlov at forskjellane skal auke. Det er ein villa politikk, der dei på toppen betaler minst skatt, og dei som har minst, betaler rekninga – fordi det er manglande politisk vilje til å omfordele meir. Difor vil eg spørje: Er finansministeren og Arbeidarpartiet komfortable med den utviklinga vi har sett, der dei ti rikaste personane i Noreg eig meir enn det halvparten av befolkninga gjer? Og trur finansministeren forskjellane i Noreg kjem til å auke eller minke i løpet av denne stortingsperioden?

  • 26. feb 202614:18· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om Endringer i sentralbankloven (adgang for staten til å innhente kreditt for likviditetsformål mv.) (Innst. 122 L (2025–2026), jf. Prop. 9 L (2025–2026))

    SV sluttar seg i all hovudsak til det som er føreslått, men med nokre presiseringar, som eg skal gå gjennom. Det eine er § 2-18, som gjeld når offentlegheit skal tre inn for saksdokument til eller frå representantskapet. Det er fordi at å lovfeste ein bestemt praksis for offentleggjering ikkje er representativt for arbeidet til representantskapet, og kravet om einigheit mellom representantskapet og hovudstyret om meiroffentlegheit kan bety at hovudstyret vil kunne få innflytelse på tilsynsorganet. Det andre er at openheit er viktig for SV. Sjølv om det blir presisert i denne saka at kapittel 1 i sentralbanklova i all hovudsak er utforma med sikte på å regulere Noregs Banks rolle som sentralbank, og at føresegna §§ 1-2, 1-7, 1-9 og 1-10 ikkje skal gjelde forvaltinga av Statens pensjonsfond utland, er det viktig å få presisert at vi i SV ikkje forstår § 1-6 slik at Noregs Bank ikkje har noka plikt til å informere departementet om saker knytte til forvaltninga, og at det tvert imot vil kunne gjelde ei meir omfattande informasjonsplikt i desse sakene. Saman med Raudt og MDG vil vi difor understreke viktigheita av tydelege rammer for openheit og informasjonsdeling knytt til forvaltninga av Statens pensjonsfond utland. SV vil òg vise til at fleire fagforeiningar i høyringa til Finansdepartementet har teke til orde for ordinær tilsetterepresentasjon i hovudstyret i Noregs Bank. I dag deltek representantar for dei tilsette i styret berre i behandlinga av administrative saker, noko som historisk har vore grunna med hovudstyret si rolle og funksjon i styringa av pengepolitikken. Men etter sentralbanklova i 2019, då komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet blei oppretta, meiner vi det kan stillast spørsmål ved om grunngjevinga framleis skal vere gjeldande. Ordninga avvik frå praksis i norsk arbeidsliv og i statleg eigde verksemder som òg behandlar samfunnsviktige spørsmål i styra sine. Vi meiner difor at tilsetterepresentasjon er eit prinsipielt spørsmål, at det bør bli vurdert nærare i lys av dagens oppgåver for styret i Noregs Bank, og at det bør bli gjennomført ei utgreiing om konsekvensane av å gje representantane for dei tilsette i hovudstyret i sentralbanken fullverdig status og deltaking. Så vil eg berre gjenta at det i regelverket for tilsynet med verksemda i Noregs Bank er viktig for offentlegheita å ha innsikt i styringa og kontrollen med Noregs Bank. Vi er einige med representantskapet, som i sitt høyringsinnspel påpeikar at det er ein styrke at sak og saksforhold er gjort greie for i offentleg tilgjengelege dokument. Til slutt: Eg vil elles vise til høyringsinnspelet frå representantskapet i Noregs Bank, som viser til at det ikkje er praksis at hovudstyremedlemene utover sentralbankleiinga og tilsetterepresentantane blir kalla inn til møter i representantskapet, og at medlemene viser til at sidan det ikkje er møteplikt, er det heller ikkje behov for å grunngje kvifor dei nemnde medlemene eventuelt ikkje møter.

  • 12. feb 202616:13· Innlegg

    Innstilling frå helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Kristian August Eilertsen, Julia Brännström Nordtug, Stig Atle Abrahamsen og Anne Grethe Hauan om en ny finansieringsmodell for sykehus (Innst. 102 S (2025–2026), jf. Dokument 8:5 S (2025–2026))

    Vi har ei sjukehusfinansiering som har gått ut på dato. Vi treng nye sjukehus, vi treng nye moderne bygg og lokale, men når resultatet er at splitter nye einerom må byggjast om til dobbeltrom, sjukehus blir bygde utan pauserom, eller ortopedi og barsel må leggjast ned i distrikta, som i Lærdal, er det ikkje berre eit spørsmål om rom og desentralisering. Det handlar om pasientbehandling i det heile. Vi står overfor ei enorm gjeldsbelasting i norske sjukehus. Ho er over 60 mrd. kr, og ho vil aukast til over 100 mrd. kr. Dette blir i dag betalt av pasientane. Når sjukehus etter sjukehus må spare i hundremillionarsklassen, merkast det på klinikken. Dette skuldast ikkje at drifta er dårleg eller ineffektiv, det skuldast gjeld og renter. Difor er eg svært glad for at vi i dag sikrar eit fleirtal med regjeringa for ein ny sjukehuspolitikk. Vi kan ikkje fortsetje med at store – svært store – sjukehusinvesteringar skal gå på kostnad av drifta av sjukehusa. Vi treng å skilje drift og investering, og vi treng at sjukehusbygg i større grad blir finansierte og vedtekne i Stortinget, i denne salen. Dette er ein svært viktig dag for ein svært viktig sektor. Helsesektoren er sjølve juvelen i den norske velferdsstaten. Viss folk mistar tilliten til at ein får den beste pasientbehandlinga i norske sjukehus, risikerer vi at heile det norske velferdssystemet raknar. Difor er dagens vedtak så viktig. Vi må slutte med at det er tilsette og pasientar på kvart enkelt sjukehus som må ta heile kostnaden og ansvaret for nødvendige investeringar på sitt sjukehus. Helsepersonell spring nok allereie. Vi må endre at grunnen er at sjukehuset investerer, og at det har så mykje gjeld og må betale så mykje renter til den norske stat. Dette er ein historisk dag. Det er starten på ein ny sjukehuspolitikk.

  • 8. jan 202611:31· Replikk

    Redegjørelse av statsministeren om regjeringens politiske prioriteringer – plan for Norge (Det vil bli foreslått debatt umiddelbart etter redegjørelsen)

    På årskonferansen til NHO i går viste James Robinson, nobelprisvinnaren i økonomi, eit bilde av det ypparste det norske samfunnet har å by på, nemleg ein kafé med barnevogner med sovande babyar utanfor. Det er ikkje berre eit bevis på tryggleik, men ikkje minst eit bevis på eit samfunn med svært høg grad av tillit, og dette var i eit innlegg om konkurransekraft og global makt. Det gode norske samfunnet, det produktive næringslivet vårt, det inkluderande arbeidslivet vårt og samfunnsinstitusjonane våre er ufråvikeleg knytt til graden av tillit, og undersøking på undersøking viser at det viktigaste for å sikre høg grad av tillit, er små økonomiske forskjellar. Små økonomiske forskjellar får ein gjennom eit meir omfordelande, rettferdig og effektivt skattesystem. Da er mitt spørsmål til Høgre, når dei i sin plan, i sitt alternative statsbudsjett og i sitt program prioriterer omfattande skattelettar: Kvifor meiner Høgre at det er skattelettar til dei aller rikaste som er det som sikrar eit av våre viktigaste fortrinn i Noreg, nemleg høg tillit?

  • 22. des 202510:14· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om endringer i statsbudsjettet 2025 og ny saldering av statsbudsjettet 2025 (Innst. 75 S (2025–2026), jf. Prop. 11 S, 12 S, 13 S, 14 S, 15 S, 16 S, 17 S, 18 S, 19 S, 20 S, 21 S, 22 S, 23 S, 24 S, 25 S og 26 S (2025–2026))

    Saman med fleirtalspartia Senterpartiet, MDG og Raudt har SV kjempa på plass endringar i budsjettet for 2026 som tek Noreg i ei grønare og meir rettferdig og solidarisk retning, også i denne saka, i nysalderinga. Alle veit at det i år måtte ein ekstra runde til før statsbudsjettet fekk eit faktisk fleirtal bak seg. Det kan vere vanskeleg å vite kva det var som eigentleg blei endra frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt la fram budsjettet sitt, til det blei ei einigheit med SV og MDG. Lat meg difor berre gjenta det, sidan nokre av dei endringane ligg nettopp her i nysalderinga. For det første: Dobbelt så mykje skog skal bli verna når potten no blir auka til 1 mrd. kr. Med det fortset vi SVs storstilte satsing på skogvern. Sidan SV fekk gjennomslag for ordninga i 2021, har 1 038 skogsområde blitt verna. Sist ut er bl.a. utvidinga av Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune i Vestland. Når einigheita med Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Raudt innebar reversering av regjeringa sitt forslag til auking av drivstoffavgifta, må det møtast av andre klimatiltak. Difor er eg glad for at regjeringa kjem tilbake til det. Mykje er bra med noregspris, men vi såg ein fullstendig kollaps innan solcellemarknaden då noregspris blei innført. Det er ein konsekvens ingen ønskjer seg. Difor er vi veldig fornøgde med at det no blir greidd ut ein noregspris på solstraum. Vi treng å få omstilt Noreg. Då er det veldig bra at SVs omstillingskommisjon kan justerast og forbetrast, sånn at vi kan få til endringar med tanke på korleis vi i Noreg skal nå klimamåla våre, og at vi i tillegg kan auke CO2-prisen på sokkelen. Noko av det mest prinsipielle som likevel er vedteke i budsjettet, er at studiestøtta og bortebuarstipendet skal regulerast gjennom grunnbeløpet i folketrygda – ein kjempesiger som studentorganisasjonane har applaudert, og som vi er mange som har kjempa for. Som ein del av einigheita er det fleire løyvingar på denne nysalderinga: til SKUDA, til Verdensteatret, til Melahuset, til Kvensk institutt – og ikkje minst 4 mill. kr til vedlikehald av seglskipet Statsraad Lehmkuhl. Det burde regjeringa ha fiksa sjølv då dei tidlegare i år kom med det rekordstore beløpet 20 mill. kr til Christian Radich. Eg er stolt over at vi har fått på plass auka løyvingar no før jul til dei som stiller opp for dei som har aller minst – 7 mill. kr til Blå Kors, til Frelsesarmeen, til Kirkens Bymisjon, til Raudekrossen og til matsentralane. Til sist vil eg berre seie at eg er glad for at vi i denne saka er med på å vedta 1 mrd. kr til Palestina. Det er eit enormt behov for humanitær bistand, det er ei skjør våpenkvile. Det skulle berre mangle at det norske storting samlar seg om pengar til Palestina når behova og nauda er så store.

  • 18. des 202510:43· Replikk

    Innstilling fra finanskomiteen om skatter og avgifter 2026 – lovsaker (Innst. 4 L (2025–2026), jf. Prop. 1 LS (2025–2026))

    I dag er skattenivået 22 mrd. kr lågare enn då finansministeren sjølv gjekk av som statsminister i 2013. Sjølv om høgresida i denne salen roper høgt om at landet blir nedsylta i skattar, klarte vi i førre periode berre å reversere om lag halvparten av dei skattelettane som høgresida og Solberg-regjeringa innførte. Vi i SV er bekymra for den aukande ulikskapen i Noreg og meiner at vi må omfordele meir gjennom skattesystemet og styrkje velferda. Skal vi omfordele meir, må vi sjå skattenivået i samanheng med ytingar som barnetrygd, sosialhjelp og eigenbetaling i f.eks. barnehage og helsetenesta. Regjeringa har gjeve eit skatteløfte som f.eks. gjer det mogleg å auke skattane viss ein samtidig kutter i frådrag, f.eks. foreldrefrådraget, men ikkje viss pengane heller skal gå til auka barnetrygd. Sjølv om auka barnetrygd går til alle og foreldrefrådraget er større jo høgare inntekt ein har, er det altså ikkje mogleg innanfor dette skatteløftet. Det gjev inga meining. Difor vil eg spørje finansministeren – i ei tid der matsentralane manglar julemat og køane er lengre – kvifor det er viktigare å halde på eit teknisk skatteløfte, enn å sørgje for å omfordele meir til dei som treng det, og ikkje berre (presidenten klubber) til dei som er i skatteposisjon.

  • 18. des 202510:13· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om skatter og avgifter 2026 – lovsaker (Innst. 4 L (2025–2026), jf. Prop. 1 LS (2025–2026))

    På ein valplakat i Bergen for om lag 15 år sidan var det bilde av ei bustete, men blid dame med namnet Oddny Miljeteig. På den plakaten stod det: Skatt er sivilisasjon. Det er heilt riktig, for skatt er avgjerande for sivilisasjonen, for velferdsstaten vår og for at vi har pengar til å gje alle helsehjelp, utdanning og barnehageplass. Skatt er også avgjerande for omfordeling, ikkje berre av pengar, men også av makt, frå dei som har mest, til dei som har minst. Denne veka kunne vi lese at 0,001 pst. av befolkninga i verda kontrollerer tre gonger så mykje rikdom som heile den nedste halvdelen av menneskeslekta. Også i Noreg aukar ulikskapen urovekkjande. Skattelistene viser at norske formuar skyt i vêret. Samla formue blant dei 400 rikaste har no auka til over 2 000 mrd. kr. Den rikaste prosenten eig rundt ein tredjedel av all formue. Samtidig melder matsentralane om mangel på julemat, lange køar og stort behov. I Noreg ser vi at dei aller rikaste kjøper seg makt og politisk påverknad gjennom annonsekampanjar og desinformasjon. USA blir styrt av ein president med forakt for demokratiet og eit oligarki med dei tre rikaste mennene i verda. Pengar er makt, og når pengane blir samla på færre hender, er det ein reell trussel for demokratiet. Difor treng vi eit omfordelande skattesystem som reduserer den økonomiske ulikskapen. Skatteinntektene er det som betaler for dei flotte tilsette i barnehagen, kreftbehandling og helsefagarbeidarar på eldresenteret, og dette treng vi meir av. Difor omfordeler SV i sitt alternative statsbudsjett betydelege midlar frå dei som har mest, og skattlegg næringar som går godt, slik som bankane og oppdrettsnæringa, og gjev til kommunar og velferda vår, gjennom auka barnetrygd og pensjon. Med SVs skatteopplegg får fire av fem mindre skatt, mens dei som har mest, må betale meir. Hadde SVs alternative budsjett blitt vedteke, kunne ein barnefamilie sitje igjen med 63 000 kr, og hadde vi fått gjennomslag, ville kommunane og fylkeskommunane ha auka inntektene sine med 16 mrd. kr. Det viser at det er fullt mogleg å omfordele meir, om det er vilje til det. I statsbudsjettet som no blir vedteke, er vi glade for at vi får auka personfrådraget og auka inntektsskatten for dei med dei høgaste inntektene, og at vi utset utfasing av elbilfordelane. Vi er likevel aller mest glade for at statsbudsjettet ikkje blir vedteke av høgresida i denne salen, for då ville dei aller rikaste i Noreg ha fått enorme skattelettar, vi hadde hatt mindre å drive velferd for, og rekninga ville ha blitt sendt til dei som har minst.

  • 5. des 202512:17· Replikk

    Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))

    Det er flott at vi har fått til eit budsjett, og vi er stolte over at det er kome meir pengar til kommunane, men vi trur at velferda står overfor store omstillingar og store utfordringar i åra framover. Difor lurer eg på: Når vi ser den situasjonen som kommunesektoren har lagt bak seg, og når vi ser korleis situasjonen er i sjukehusa, ønskjer finansministeren å bidra til og jobbe for at vi i dei komande åra, i dei komande statsbudsjetta, får eit endå meir omfordelande skattesystem, der vi hentar inn meir frå skattar for å sikre den grunnleggjande velferda?

  • 5. des 202512:15· Replikk

    Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))

    I går kunne vi lese i kommunesektoren si eiga undersøking at budsjetta i norske kommunar er prega av nedskjering, avvikling, nedbemanning og omstilling, at vi har ein kommunesektor som treng meir pengar, og at det er for få folk i velferda til å stelle våre eldre og passe våre barn. Vi har jo saman blitt einige om fleire milliardar meir til kommunar, fylke og sjukehus i dette budsjettforliket, i det vi i dag skal vedta. Det er veldig bra og høgst nødvendig, og det er vi nok begge stolte over. Denne veka blei også skattelistene offentlege. Mens Noregs rikaste har formue og inntekt på fleire titals milliardar, tener nesten 70 pst. av vanlege lønstakarar mindre enn gjennomsnittsløna. Samtidig går bankane med store overskot. Eg lurer på om finansministeren er einig i KS-direktøren si beskriving av ein kommunesektor prega av nedskjering og nedbemanning. Er finansministeren einig i at det er behov for meir omfordeling, og vil han jobbe for det?

  • 5. des 202510:29· Replikk

    Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))

    SV har drive fram ei av dei store reformene for norsk skule dei siste fire åra, nemleg å gjere skulefritidsordninga gratis, sånn at alle barn kan vere med på leiken. Like før vi starta forhandlingane, var eg på Tøyen skole. For nokre år sidan, då ordføraren i Oslo den gongen, Marianne Borgen, var der, var det nokre barn som leika på utsida av skulegarden, og nokre barn som leika på innsida. Då ho hadde spurt kvifor nokre leika på utsida, hadde dei svart at det var fordi dei ikkje hadde nok pengar til å vere med på SFO. Dette er ein måte for å sikre inkludering i norsk skule. Det er ein måte for å sikre at det som for over 90 pst., nesten alle elevane, er ein del av skulekvardagen, å gå på SFO, faktisk skal vere eit tilbod og ei moglegheit for alle saman. Det er SV stolt over, og det gir også rom for å utvikle skulen framover.

  • 5. des 202510:27· Replikk

    Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))

    For det første kjem det jo i dette budsjettforliket 50 mill. kr meir til barnevern i Oslo, så det å seie at ein ikkje har prioritert dette, at det ikkje har vore oppe i forhandlingane, er direkte feil. Det er faktisk ein del av einigheita at det har kome meir pengar til barnevernet i Oslo. SV er også der at vi ikkje berre kan fjerne private tilbod om det ikkje er eit offentleg tilbod som står klart til å ta imot barna. Det er også heilt nødvendig, men då må vi vere villige til å byggje opp og gjere endringar innanfor barnevernstenesta, sånn at vi sikrar at det er føreseieleg, med stabile og trygge institusjonar for dei aller mest sårbare barna, så dei ikkje skal vere ein del av eit anbodssystem og få nye tilbydarar og nye drivarar kvart andre, fjerde eller sjette år.

  • 5. des 202510:25· Replikk

    Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))

    For det første er eg einig i at barnevernet og dei aller mest sårbare barna ikkje har eit godt nok tilbod i Noreg i dag. Det er vi mange som er einige om. Eg vil samtidig også gje ros til tidlegare barne- og familieminister Kjersti Toppe for å ha teke tak i situasjonen i barnevernet i førre periode. SV meiner jo at ein del av den krisa barnevernet no står i, er eit resultat av at det over år har vore for mykje privatisering i barnevernet, at det over år har vore ei pulverisering, ei oppstykking, der barn – dei aller mest sårbare barna – skal vere ute på anbod, ute for kjøp og sal. Vi bør organisere heile barnevernet på ein annan måte. SV er opptekne av at vi sikrar dei mest sårbare barna i denne endringa, men eg vil seie at der har regjeringa i førre periode faktisk gjort ein god jobb, og eg tenkjer vi er nøydde til berre å fortsetje slik, for å sikre at dei aller mest sårbare barna får det tilbodet dei har krav på.

  • 5. des 202510:23· Replikk

    Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))

    Absolutt, og i det alternative statsbudsjettet til SV var det langt over ein milliard også til sjukehusa. Hadde vi kunne fått fleirtal, hadde vi hatt endå meir pengar å rutte med. Vi meiner at det er rom for å omfordele meir i Noreg, hente inn meir skatt frå dei som har mest, for å sikre pengar til velferda i ein situasjon der velferda har problem med å skaffe nok folk, der folk spring så fort at dei har problem med å gjere oppgåvene sine, anten det er i kommunen eller i sjukehusa. Vi er opptekne av at pengane må hentast frå ein reell stad. Vi er difor villige til å omfordele frå skattesystemet for å sikre meir pengar til sjukehusa, mens FrP går til val på store, store skattelettar. Viss FrP faktisk hadde kome hit og skulle vedta budsjett, trur eg ikkje at mange av dei lovnadene dei har, faktisk hadde blitt ein realitet – for det var det som skjedde førre gong dei sat i posisjon. Då var det ikkje mogleg å kutte i dei skattane likevel.

  • 5. des 202510:21· Replikk

    Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))

    Eg vil igjen gjenta at det er over 3 mrd. kr meir til kommunane, og det er også meir pengar til sjukehus, i det som blei eit budsjettforlik fleirtalet stiller seg bak. Eg vil ta avstand frå at eit rikt land – faktisk eit av dei rikaste landa i verda – ikkje har pengar å sende til å hjelpe dei aller, aller fattigaste i verda. Gaza har vore igjennom eit folkemord. Gaza ligg i ruinar. At vi frå det norske stortinget faktisk er villige til å gje éin milliard kroner – det burde ikkje ha vore gjennom eit forlik, det burde ha vore gjort frå før. Vi har gjeve milliardar til Ukraina. Det skulle berre mangle at vi ikkje kunne stille opp med pengar til å hjelpe Gaza i den tragiske situasjonen dei har vore igjennom.

  • 5. des 202510:19· Replikk

    Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))

    Eg er fullstendig ueinig i at dette budsjettet ikkje gjer noko for dei eldre i landet. Det er trass alt ei kraftig styrking av kommuneramma. Det er over 3 mrd. kr meir til kommunane. Det er for å sikre meir pengar til dei som passar ungane våre, til dei som steller dei sjuke, til å sikre fleire hender i eldreomsorga. SV skulle gjerne hatt meir pengar. Vi var jo villige til å kunne hente inn meir pengar gjennom skattesystemet, mens FrP gjekk til val på at dei skulle kutte kraftig i skatteinntektene, med 34 mrd. kr. Viss vi hadde starta med vallovnadene til FrP, hadde vi jo starta med 34 mrd. kr i minus fordi ein hadde starta med eit budsjett der ein har gått til val på å kutte i formuesskatten. Det hadde vore endå mindre pengar til eldre i kommunane.

  • 5. des 202510:13· Innlegg

    Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))

    SV gjekk til val på å redusere forskjellane i dette landet, betre kvardagsøkonomien til folk og styrkje velferda. I dette budsjettet fortset vi SVs velferdsreformer som vi starta på i førre periode, SFO-reforma og tannhelsereforma. Frå neste haust blir SFO gratis òg i 4. trinn i levekårsutsette område. Vi tek foreldreopprøret på alvor og styrkjer bemanninga i barnehagen med 600 mill. kr gjennom ordninga som SV fekk på plass i revidert nasjonalbudsjett, og det kjem milliardar til både kommunane og fylkeskommunane for å styrkje velferda. Noko av det første SV gjorde i 2021 etter åtte år med høgreregjering, var å endre lova slik at barnetrygda blei halden utanfor sosialhjelpssatsen. Dessverre måtte vi òg ta den kampen i det første budsjettet med ei ren Ap-regjering, men no er han sikra og vunne for heile stortingsperioden. Dette, saman med ein auke i barnetrygda, gjer at barn som veks opp i dei aller fattigaste familiane, får meir til klede, fotballsko og fritidsaktivitetar. Med dette budsjettet kan uføre senke skuldrene og få behalde meir av det dei tener, utan å vere redde for at dei blir trekte i trygda. Frå 1. oktober kan uføre tene heilt opp til 130 000 kr, når fribeløpet aukar til 1 G. Vi reverserer òg kuttet i eingongsstønaden. I dette budsjettet fortset vi tannhelsereforma SV starta på i førre periode, slik at det ikkje skal koste meir å gå til tannlegen enn til legen. Vi kuttar i ventetida for folk som treng tannbehandling etter å ha vore utsette for tortur og overgrep eller har tannlegeangst, og vi styrkjer spesialistbehandlinga. I dette omfordeler vi innanfor skattesystemet. Vi har lagt bak oss år med folkemord i Palestina. Gaza ligg i grus. Difor er vi glade for at det i dette budsjettet ligg inne 1 mrd. kr til Palestina, og for at vi startar eit internasjonalt arbeid med Israels folkerettslege ansvar for å straffeforfølgje busetjarvald. Dette året har vi sett varmerekord etter varmerekord. Klimakrisa forsvinn ikkje sjølv om verda har blitt meir uroleg, ho blir berre verre. Difor må rike land som Noreg kutte utslepp her, og vi må omstille industrien vår. I dette budsjettet har SV sikra 700 mill. kr til å redusere utslepp i industri- og avfallsforbrenningsanlegg. Det betyr at BIR i Bergen kan fortsetje planane for karbonfangst og -lagring og sende det til Langskip i Øygarden. I fjor på denne tida fekk SV gjennom ein enormt viktig siger for naturen og havet, då vi stansa gruvedrift på havbotnen. Det var eit prosjekt som ville ha vore det største naturinngrepet i noregshistoria, og som har hausta enorm kritikk frå internasjonale ekspertar på berekraftig havmiljø. I dette budsjettet har vi stansa planane ein gong for alle – ut heile stortingsperioden. Det er ein siger vi deler med heile miljøbevegelsen, og som vi alle kan vere stolte over. Då SV sist var i regjering, fekk vi på plass byvekstavtalane. Dei siste 15 åra har vi sett ein enorm auke i kollektivtrafikken. Difor er eg enormt glad for at dette budsjettet har eit kjempeløft for kollektivtrafikken, for å oppretthalde tilbod og ein pris som gjer at det løner seg å velje kollektivtransport i heile landet. Likevel var ikkje dette budsjettet grønt nok. Difor var klimaprofilen ein av grunnane til at vi ønskte å fortsetje forhandlingane sist laurdag, for budsjettet kunne ende med å auke klimagassutsleppa, ikkje redusere dei. Difor er vi i SV glade for at vi sidan laurdag, då Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt presenterte einigheita si, fekk inn 500 mill. kr meir til klimainvesteringsfondet, at dobbelt så mykje skog skal vernast, saktare utfasing av momsen på elbil, og noregspris på solkraft. Legg ein alt dette saman med regulering av studiestøtta og bortebuarstipend, lovfesting av SFO i 1.–3. trinn, og meir til dei som har minst til jul, gjennom ei ekstraordinær løyving til frivillige organisasjonar og Matsentralen, har dette budsjettet ein profil som SV både er stolt over og kan stille seg bak. Som førstereis på Stortinget vil eg seie at dei to første månadene som «ny i jobben» har vore ein ekstremsportmaraton som ikkje er alle forunnt å oppleve. Eg vil difor takke dei fire andre partia på raud-grøn side for tøffe og lange forhandlingar i fleire veker og fleire netter. Vi kom heldigvis i mål, sjølv om vi måtte ta nokre ekstra strafferundar. Eg vil avslutte med å framheve representanten og min partileiar Bergstø for at ho tok rolla som brubyggjar og samlingskraft, noko som var ein svært medverkande årsak til at det brotet som var, trass i alt berre blei ein pause, ei utsetjing og ikkje ei faktisk regjeringskrise. SV gjekk til val på eit raudare, grønare og meir solidarisk Noreg, og det har vi fått med dette budsjettet. Difor vil SV stemme for det – og eg vil med det òg ta opp forslaget SV har åleine.

  • 5. nov 202511:15· Replikk

    Møte onsdag den 5. november 2025 kl. 10

    Eg trur ikkje finansministeren forstår alvoret i situasjonen, og at vi ikkje har noko anna val enn å skaffe meir pengar for å sikre folka som jobbar i barnehage, skule og sjukehus, i åra framover. Eg er bekymra for at skatteløftet til Arbeidarpartiet i realiteten er eit løfte om sakte å leggje ned velferdsstaten og å ikkje gjere nok for å få ned ulikskapen. Finansministeren svarte tidlegare i denne ordvekslinga at ein ønskjer seg ein sterk offentleg sektor, men likevel er ein mest oppteken av å gå til val på eit skattenivå som er på same nivå, og å inngå eit skatteforlik. Eg meiner at i den historieforteljinga om tidlegare skatteforlik som finansministeren snakka om, er det primært eitt parti som har vore lojal til dei skatteforlika – det er Arbeidarpartiet, ikkje høgresida. Idet høgresida kjem til makta, ser vi at dei ikkje held seg til skatteforlik i det heile. Det første Erna Solberg og Siv Jensen gjorde då dei fekk makta i 2013, var å ikkje halde seg til det skatteforliket. Kva er det som gjer at finansministeren denne gongen – med eit rekordstort Framstegspartiet – trur at høgresida vil vere lojale til eit skatteforlik?

  • 5. nov 202511:13· Replikk

    Møte onsdag den 5. november 2025 kl. 10

    Dei siste dagane har det handla mykje om oljefondet og teknologiselskap, men det er ikkje berre innanfor oljefondet debatten rundt store verdiar i teknologiselskap er viktig å ta. Det gjeld like mykje innanfor skatt. Vi har i dag teknologiselskap som er verdsmeistrar i å ikkje betale skatt til samfunna dei hentar ressursane frå eller verkar i. Vi har i tillegg bankane i Noreg, som for berre eit par veker sidan kunne vise til rekordoverskot, og som har skodd seg svært godt på at folk har slite med auka renter. I tillegg har vi vårt eige vesle skatteparadis av ei reiarnæring her i Noreg som ikkje skattar. Samtidig slit Kommune-Noreg med å få budsjetta sine til å gå opp. Kommune-Noreg gjekk 4 mrd. kr i minus i fjor, og kommunepolitikarane har store problem no om dagen. Mitt spørsmål til finansministeren og Arbeidarpartiet er: Korleis skal eit skatteforlik med eit frose skattenivå sikre at dei sektorane som i dag ikkje blir skattlagde, eller ikkje blir skattlagde så mykje, bidreg meir, slik som bankar, teknologigigantane og reiarnæringa?

  • 5. nov 202511:11· Replikk

    Møte onsdag den 5. november 2025 kl. 10

    Eg er glad for å høyre at finansministeren langt på veg deler vår verkelegheitsforståing om ulikskap, men det er samtidig urovekkjande at eit sosialdemokratisk parti er så lite oppteke av å gjere noko med det. Det er eit faktum at når store formuar blir samla på færre hender, blir velferda stramma inn. Eg ser ikkje noko anna enn at det blir varsla kutt i svært mange kommunar med det statsbudsjettet som Arbeidarpartiet nettopp har lagt fram, og at det blir varsla at det må prioriterast stramt. Denne hausten har vi sett at foreldre med barn i barnehage organiserer seg i foreldreopprøret for betre bemanning i barnehagen, fordi dei opplever at barna går klissvåte ute om vinteren fordi det ikkje er nok folk på jobb. Dette er ei bemanningskrise som norsk velferd står i, og det trengst meir pengar. Difor lurer eg på korleis finansministeren ser for seg at det i eit skatteforlik med Høgre og Framstegspartiet er mogleg å få til meir pengar til velferd og omfordeling.

  • 5. nov 202511:06· Innlegg

    Møte onsdag den 5. november 2025 kl. 10

    Mitt spørsmål går også til finansministeren. Det går godt her i Noreg, men det går ikkje godt for alle. Det har vore ein eventyrleg vekst i formuane i dette landet dei siste åra. Formuane til personlege eigarar av unoterte selskap har vakse langt meir enn norsk økonomi, og mens medianinntekta til vanlege folk har auka med knappe 3,8 pst., har likningsverdien for personleg eigde unoterte selskap auka med 156 pst. sidan 2011 – og endå meir om vi legg marknadsverdien til grunn. Samtidig veks nesten 10 pst. av barna i Noreg opp i ein fattig familie. Det betyr at i gjennomsnitt to til tre elevar i kvart klasserom veks opp i ein familie med dårleg råd. Det gjeld derimot ikkje dei 300 barna av Noregs aller rikaste som Kapital for nokre veker sidan kunne informere om at sat på ein verdi på ikkje mindre enn 672 mrd. kr. I dag fekk vi tal frå Statistisk sentralbyrå som seier at endå fleire unge aleinebuande og einslege forsørgjarar enn før slit med å få endane til å møtast i Noreg. Det skjer altså samtidig med at dei rikaste i landet er blitt fleire. Det er eit problem i Noreg i dag at forskjellane aukar – at dei aller, aller rikaste stikk frå. Dei superrike i Noreg har blitt så rike at det er vanskeleg å fatte. NRK kunne i vår melde at salet av Ferrari- og Lamborghini-bilar har auka parallelt med formuen til dei rikaste nordmennene. Dei tre rikaste har ein formue på 490 mrd. kr. I ein slik situasjon, når denne ulikskapen eksisterer i Noreg, er det vårt ansvar som folkevalde å dele ressursane i samfunnet betre. Finansministeren har invitert til eit arbeid med ein skattekommisjon og til eit skatteforlik. Då er mitt spørsmål: Korleis tenkjer finansministeren at eit skatteforlik med høgresida vil sikre at ulikskapen i Noreg går ned og ikkje opp?

  • 15. okt 202510:57· Innlegg

    Møte onsdag den 15. oktober 2025 kl. 10

    Dette budsjettet gjer at vi ikkje eingong er halvveges i å nå klimamåla våre innan 2030. Vi har ei eksistensiell klimakrise og naturkrise i Noreg. Då er vi nøydde til å gjere alt vi kan, og det kviler eit spesielt ansvar på Noreg som oljenasjon for å ta grep og kutte internasjonalt. SV har fått til mange gode tiltak i forhandlingane med regjeringa tidlegare, men eg registrerer at det eine etter det andre av våre gjennomslag er kutta, og at vi er nøydde til å gå i omkamp. Det er sjølvsagt SV budd på, men eg må seie at eg ikkje synest noko om at vi heile tida skal ta omkamp på heilt eksistensielle, viktige saker for framtida vår. Til sist vil eg berre ha sagt at vi har lagt bak oss to år med folkemord i Palestina. Det er no ei våpenkvile som vi alle saman kjenner lette for, men det er ingen fred. Det er avgjerande viktig at Noreg er med og held presset oppe, at vi sikrar at våre investeringar ikkje er med og bidreg til folkerettsbrot og okkupasjon. Noreg er nøydd til å ta ei leiarrolle for å sikre at Palestina kjem på rett spor, og at vi kan få denne våpenkvila til å vare, slik at det kan bli utsikter til betring for alle dei som i to år har levd i eit helvete.

  • 15. okt 202510:52· Innlegg

    Møte onsdag den 15. oktober 2025 kl. 10

    Finansministeren beskriv ei rekkje positive utviklingstrekk ved norsk økonomi og vektlegg trygg styring, men mange kjenner på utryggleik no. Finansministeren unnlèt å snakke om realiteten mange familiar står i, der éin av fem ikkje klarar å betale ei uføresett utgift, der folk lèt vere å gå til tannlegen, der barnefamiliar manglar eit stabilt tak over hovudet, og der foreldre kuttar i klede og utstyr til ungane sine. SV vil meir med samfunnet, og det ville fleirtalet i denne salen også. Difor er eg mildt sagt skuffa når ei Arbeidarparti-regjering leverer eit budsjett med fleire målretta sosiale kutt mot barnefamiliane – som kutt i eingongsstønaden viss ein får barn. Det er i år 20 år sidan eg fekk min fyrste son, med eingongsstønad, eg var student. Det føreslår regjeringa eit stort kutt i – ein kuttar ein tredjedel. Regjeringa føreslår å kutte overgangsstønaden til einslege. SVs gjennomslag om å halde barnetrygda unna sosialhjelpssatsane i kommunane føreslår også regjeringa å kutte. Dette er eit budsjett som målretta kuttar og målretta går etter barn som lever i fattige familiar. Eg er redd for at resultatet er at fleire barn veks opp i fattige familiar. Regjeringa og finansministeren vektla også trygg og ansvarleg styring, men dette er trygg styring utfor stupet. Dette er eit budsjett som ikkje legg opp til å nå våre klimamål. Mange kjente på utryggleik då ekstremværet Amy trefte Sør-Noreg for berre nokre veker sidan. Denne veka kom også nyheita om at korallreva er dødsdømde. Eit budsjett som faktisk ikkje legg opp til at Noreg, som eit av verdas rikaste land, tek sitt ansvar og når sine klimamål, er ikkje ansvarleg – det er uansvarleg. I staden for å kutte heime legg regjeringa også opp til å betale seg ut av det med å kjøpe endå fleire klimakvotar utanfor EU. Det er ikkje berre uansvarleg, det er også det motsette av å sikre omstilling og trygge arbeidsplassar i Noreg, gjennom at vi brukar våre pengar på å omstille andre land framfor vår eigen heimemarknad.

  • 13. okt 202515:07· Replikk

    Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

    Takk for spørsmålet. Avgiftene har jo ulik funksjon. Mange av dei er sjølvsagt å bidra til å sikre finansane til velferdsstaten. Der vi i SV kan møte Senterpartiet, er at vi ønskjer avgifter som tydeleg hjelper forbrukarane til å velje riktig. Vi er f.eks. veldig for avgifter som gjer at det løner seg å velje miljøvenleg, og avgifter som sørgjer for at vi når klimamåla våre. Vi er einige i at det er mogleg å sjå på avgiftssystemet, men for oss er det viktig at det i så fall har eit formål, og at vi tek den sosiale delen gjennom skattesystemet vårt. Det er den mest effektive måten å sikre at det blir rettferdigheit for alle saman på, nemleg at dei som har mest, betaler mest, og at dei som har minst, betaler minst. Den mest effektive måten å sikre rettferdig fordeling på er gjennom skattesystemet, og så er SV villig til å sjå på endringar i avgiftssystemet, spesielt for å nå klimamål og betre handling.

  • 13. okt 202515:04· Replikk

    Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

    SV meiner det er god dokumentasjon internasjonalt på at samfunn med små økonomiske forskjellar har høgare grad av tillit, mindre helseproblem og også mindre kriminalitet. Vi ser at det er ein klar samanheng mellom rettferdig fordeling og i kor stor grad ulike land har store problem med kriminelle. Vi anerkjenner at det er eit stort problem i Sverige, og vi synest det er urovekkjande at det også kjem til Noreg. Der vi skil oss frå høgresida, er at vi likevel meiner at tiltaka som må gjennomførast, er å sikre at alle dei som er nøydde til å kome til Noreg eller Sverige fordi dei er nøydde til å rømme frå eit krigsherja land – og vi har forpliktingar til å ta imot folk som treng beskyttelse – er nøydde til å få ei god inkludering. Dei er nøydde til å få ein god skulegang, og dei er nøydde til å få moglegheita for arbeid og føle at dei blir verdsette og kan bidra i det norske samfunnet. Vi trur at det er det som er den riktige vegen for å sikre reell inkludering og mindre kriminalitet.

  • 13. okt 202515:02· Replikk

    Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

    Vi i SV meiner at vi skal ta klimatrusselen på alvor. Det gjer at vi er nøydde til å ta ansvar, som kanskje ein av verdas største oljeleverandørar. Vi fekk store gjennomslag i førre periode med at vi stoppa 26. konsesjonsrunde, og vi meiner det er klokt ikkje å starte å leite etter nye område som uansett vil vere langt unna og koste mykje pengar. Vi meiner vi heller må gjere det den førre representanten utfordra meg på, nemleg å satse på andre grøne næringar, sånn at folk som i dag jobbar innanfor leverandørindustrien, kan gå tørrskodde over i andre næringar. Havvind er ein slik industri. Der har vi arbeidsplassar på Stord, i fylket mitt, som i dag monterer havvindmøller. Det er ein måte å sikre grøn omstilling på i praksis.

  • 13. okt 202515:00· Replikk

    Møte mandag den 13. oktober 2025 kl. 10

    Takk for spørsmålet frå representanten Merkesdal. SV er oppteke av å kutte klimagassutsleppa. Vi meiner at det å kutte klimagassutsleppa på sokkelen er avgjerande for å nå Noregs klimamål. Spørsmålet er kva som er vegen til å kutte klimagassutsleppa. Både eg og representanten Merkesdal kjem frå Hordaland valkrins, og vi har sett korleis krava og behovet for straum er i fylket vårt. Difor har vi vore tydelege på at det å ta straum frå land og ut til sokkelen er dårleg bruk av straumen vår. Vi har i samarbeid med Arbeidarpartiet heller lansert ein ganske omfattande plan for havvindutbygging, der vi meiner at det er mogleg å gjere tre ting på éin gong, nemleg både å kutte klimagassutslepp på sokkelen og å skape ny næring med havvind.

Viser de 50 siste av 52 innlegg

Voteringsallianser

Hvem stemmer Marthe likt med?

Rangering av nærmeste allierte og motpoler — på tvers av partigrensene.

Siste voteringer

12 nyeste

Vis →

Partibrudd

1 ganger stemt mot partiflertallet

Vis →

Forslag fremmet

12 saker med rep som forslagstiller

Vis →

Siste spørsmål

10 nyeste

Vis →
  • Skattekommisjonen peker på realisasjonsbeskatning. Samme dag som skattekommisjonen ble fremlagt kom også SSB med en ny rapport om skattegrunnlaget for realisasjonsbeskatning av arv og gaver. Spørsmålet er derfor hva er mulig proveny av å innføre en realisasjonsbeskatning i tråd med både flertallets og mindretallets forslag?

    skriftlig

    25. jun 2026
  • Viser til skriftlig besvarelse nr. 2826 fra stortingsrepresentant Marthe Hammer om en minimumsskatt for superrike. Hva er provenyet av å pålegge de superrike, definert som personer med over 1 milliard kroner i formue, en minimumsskatt på 2 % av deres reelle formue uten noe unntak, og hvor mange mennesker vil dette gjelde, samt hvor mange mennesker vil måtte betale en skatten om den var for formue over 100 millioner?

    skriftlig

    29. mai 2026
  • Vil finansministeren i forbindelse med evalueringen av mandatet til Norges Bank også vurdere om det er behov for andre og/eller bedre mål og målinger av inflasjonen i Norge?

    skriftlig

    27. mai 2026
  • Hva er proveny av å pålegge de superrike en minimumsskatt på 2% av deres reelle formue uten noe unntak. 

    skriftlig

    22. mai 2026
  • Spørsmålet mitt går til finansministeren. I revidert, som kom i går, skriv regjeringa at i ei tid med auka internasjonal uro, vil regjeringa føre ein politikk som tek vare på dei små forskjellane og den høge tilliten vi har i Noreg. Men det som blei lagt fram i går, er jo «copy-paste» frå i fjor, eller som statsministeren kalla det: stramt og ansvarleg i fjor, stramt og ansvarleg i år. Sidan i fjor har vi fått krig i Iran og stenging av Hormuzstredet. Verdsøkonomien, energimarknaden og utsiktene for norsk økonomi er vesentleg endra. Vi har no fått eit nytt oljeprissjokk, som også kjem med auka matvareprisar. Aleinemødrer kvir seg for å gå i butikken fordi dei må velje mellom middag eller frukost. Folk legg seg om kvelden med ein klump i magen fordi dei ikkje veit om dei får til å betale rekningane sine. På toppen av dette kjem renteaukinga, som gjer økonomien til barnefamiliane og unge i etableringsfasen med høge bustadlån endå vanskelegare. I ei slik tid må vi sikre kvardagsøkonomien til vanlege folk og redusere forskjellane. Dei seinaste dagane har vi høyrt heile regjeringsapparatet, seinast på denne talarstolen, snakke på innpust og utpust om tiltak som verkeleg gjer noko med økonomien til folk, som ein historisk låg barnehagepris på 1 200 kr, kutta med meir enn 20 000 kr i året, gratis SFO, og at med gjennomslaga til SV har vi nesten dobla barnetrygda, som no er over 2 000 kr. Vi har redusert både antalet og andelen barn som veks opp i fattige familiar, og folk som har lite, får meir, slik som med aukinga i minstepensjon. Problemet er jo at dette er saker som SV har kjempa fram, ikkje regjeringa. Regjeringa kjem ikkje med nokon tiltak for å betre kvardagsøkonomien til folk i dette budsjettet. I staden er det altså «copy-paste» frå i fjor. Når regjeringa no legg fram eit budsjett utan å svare på dei store utfordringane folk står i, betyr det at regjeringa tenkjer at det er SV som nok ein gong skal gjere jobben ved å sørgje for gjennomslag som betrar kvardagsøkonomien til vanlege folk og får ned forskjellane i ei uroleg tid? For kva er eigentleg tiltaka som regjeringa kjem med i revidert som reduserer forskjellane?

    sporretime

    13. mai 2026
  • Er det mogleg for samferdsledepartementet eller Jernbanedirektoratet å syte for at den konkurranseutsette delen av jernbanenettet vert pålagt å syte for at kapasiteten i heile jernbanenettet vert oppretthalde i særskilte høve - slik som brann eller andre utfordringar som resulterer i mangel på togsett på enkeltstrekk?

    skriftlig

    7. mai 2026
  • Karbonfangst og lagring hos BIR i Bergen er Bergens største klimatiltak. Nå varsler BIR at de legger dette klimatiltaket på is fordi det mangler rammebetingelser. I statsbudsjettet ble det satt av penger til gjennomføring av CO2 fangst og lagring i avfallsforbrenningsanlegg i 2026, som BIR kunne søke på. Hva har statsråden gjort for å følge opp vedtaket og sikre at auksjonsprosesen starter slik at BIR kan søke og starte gjennomføring i 2026 og senest første halvår 2027?

    skriftlig

    29. apr 2026
  • Eierskapsmeldingen er tydelig på forventningar om moderasjon toppleiarane i statlege selskap, da burde det også vere langt meir openhet om nettopp lønnsfastsettinga. Kva vil næringsministeren gjere for at det skal bli meir openheit om lønnsfastsettinga og vil det vere mogleg med innsyn i lønnsfastsettelsen for leiarar i statleg eide selskaper for inneverande år.

    skriftlig

    24. apr 2026
  • I NOU 2007:8 er det i tabell 4.2 en oversikt over fordelingsvirkninger av økte avgifter fordelt på ulike godegrupper. Er det mulig å få tilsendt noen oppdaterte beregninger på dette? Gjerne nye analyser, eventuelt om det er gjort noen anslag på dette i nyere tid.

    skriftlig

    24. apr 2026
  • Det har i årenes løp vært satt ned flere offentlige utvalg. Hvor store har gjennomsnittssekretariatene for disse vært de siste ti årene, og hvor stort skal sekretariatet for omstillingskommisjonen være?

    skriftlig

    9. apr 2026