Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Når eg høyrer på statsråden, lurer eg litt på om me har ein KI-robot eller eit menneske som helseminister, med alle oppramsingane som kjem. Det som er heilt sikkert, er at dei over tusen menneska som gjekk i fakkeltog i Egersund sist torsdag, er heilt ekte menneske. Det er ekte menneske som brenn for sitt lokale sjukehustilbod, og som no fryktar at Helse Stavanger skal leggja ned sjukehustilbodet for at det skal vera med og finansiera drifta av sjukehuset i Stavanger. I denne demonstrasjonen var det òg ein stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet, og det er eg veldig glad for. Han hadde eit stort skilt – det største skiltet i demonstrasjonen, vil eg seia – der det stod: «Bevar Egersund sykehus!» Då er mitt spørsmål: Er statsråden einig i at det er viktig å oppretthalda helse- og sjukehustilbodet og dei tenestene som er i Egersund, òg i framtida?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
