Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Utsegnene til statsråden til VG denne veka om at offentlege sjukehus skal sveltefôrast, er rett og slett skremmande. Det er heilt uverkeleg å lesa at statsråden meiner at det er velstand i norske sjukehus, og at vi har for mange legar og sjukepleiarar i norsk helseteneste, i psykisk helsevern, i barselomsorga og i akuttmottaka våre. Eg meiner at sjukehusa må styrkjast, ikkje kuttast i og sentraliserast slik statsråden no legg opp til. Vi veit at føretaka planlegg hundrevis av millionar kroner i fleire kutt i sjukehusa, og hundrevis av årsverk skal bort. Eg meiner statsråden må gå ut og snakka med både jordmødrer, legar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar med innestemme og ta seg tid, for det er dei som kjenner det norske helsevesenet. Det statsråden legg opp, er ei utarming av det offentlege tilbodet, noko som vil føra til ei todelt helseteneste. Meiner verkeleg statsråden at medisinen til allereie sterk pressa offentlege sjukehus er at dei må forventa meir kutt og sentralisering av tenester?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
