Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg går ut frå at statsråden hadde sitatsjekk på VG-intervjuet. Der står det at òg helsevesenet må belaga seg på ein pengebrems, at ein ikkje kan forventa meir enn til prisvekst og demografi. Vi har ein situasjon der vi allereie har mange eksempel på auka sentralisering av helsetilbod og ei offentleg teneste som står i strekk. I Kristiansand skal ein sommarstengja det distriktsmedisinske senteret, ambulansestasjonar vert lagde ned, i Egersund kan poliklinikken verta lagd ned, og i Lærdal er ortopedien flytta. Pasienttilbodet på Haukeland ryk òg, og dialysen i Volda står i fare. På barselavdelingane er jordmødrene så travle at kvinner ikkje får god nok hjelp til amming. I den situasjonen varslar altså statsråden at det vert ikkje noko meir enn til prisvekst og demografi. Da vil kuttforslaga fortsetja, det er det ingen tvil om. Men statsråden synest ikkje bekymra. Står han fast på at ein treng ein pengebrems i norske sjukehus?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
