Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Vi må jo vera ærlege. Det som statsråden seier, vil bety kutt i helsetenester. Det vert kutta allereie i dag, det skal kuttast hundrevis av millionar kroner i helseføretak på grunn av den finansieringsmåten vi har, og på grunn av at sjukehusøkonomien ikkje strekk til. Det må vi vere ærlege på og ikkje lage ei forteljing om at no skal vi jobba smartare og betre. Det trur eg helsefolk vert provoserte av å høyra på. Statsråden vart òg utfordra på i intervjuet om pengebremsen betyr at han ikkje vil prioritera lokalsjukehus i distrikta. Da svara statsråden at han vil diskutera fleire oppgåver til «såkalte desentraliserte halvannenlinjetjenester». Statsråden tar ikkje ordet lokalsjukehus i sin munn i intervjuet. Spørsmålet mitt er: Kva er desse såkalla desentraliserte halvannenlinjetjenestene som skal styrkjast – og ikkje lokalsjukehus, som statsråden ikkje kommenterer i intervjuet?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
