Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 22. apr 2026

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 22. april 2026 kl. 10

Innlegget

Det er ingen tvil om at foreldrerolla kan vere krevjande. Det er jo veldig mange forventningar til foreldrerolla frå alle kantar, og som politikarar har me eit ansvar i å hjelpe familiane med å løyse den såkalla tidsklemma. Eg har vore tydeleg på at me må hamsterhjulet til livs. Det er ingen som er tent med at me som er foreldre, slit oss ut. Arbeidarparti-regjeringa ynskjer ein familiepolitikk som gjer det mogleg for foreldra å vere både gode foreldre og gode arbeidstakarar. I eit samfunn der me treng fleire hender i arbeid, er det òg viktig for Arbeidarpartiet at me legg til rette for at det er mogleg å kombinere arbeid og familieliv. Det handlar om langt meir enn SFO, og eg ser heller inga motsetning mellom valfridom for familiane og eit styrkt barnehage- og SFO-tilbod. Å delta i barnehage og SFO er frivillig, og det er eit tilbod som nettopp gjer at småbarnsforeldre kan kombinere arbeidsliv og familieliv. Betre og rimelegare tilbod gjev familiane meir valfridom, ikkje mindre. Det gjev òg fleire moglegheiter til å nytte seg av tilbodet og ikkje minst lågare utgifter til dei som allereie gjer det. Samtidig forstår eg at kvardagen til småbarnsfamiliar kan pregast av tidspress og krevjande logistikk, mellom skule, SFO og fritidsaktivitetar. Difor ynskjer Arbeidarparti-regjeringa å ha gode velferdsordningar som gjev alle foreldre moglegheita til å ta godt vare på ungane sine, samtidig som det er mogleg å vere i jobb. Eg meiner det ikkje er ei motsetning mellom arbeid og å gje ungane sine ein god oppvekst. Ein del av løysinga kan òg liggje innanfor dagens tenester. Det handlar ikkje nødvendigvis om fleire timar i SFO. For eksempel har regjeringa innført eit tilskot til samarbeid mellom SFO og kulturskular, idrettslag og andre frivillige organisasjonar, og når ein gjer det, kan det bli mindre behov for henting og bringing, og ein kan òg leggje desse aktivitetane inn etter skuletid. I tillegg har regjeringa styrkt studentøkonomien. Det er eg nok oppteken av saman med representanten frå KrF. Regjeringa har auka barnestipendet med 10 pst. utover prisveksten i det inneverande året. Me jobbar for å styrkje tenestene til barnefamiliane og ikkje minst for å styrkje dei økonomiske rammene deira. Begge delar er nødvendige for å gje familiane større fridom i kvardagen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat