Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg er djupt ueinig i premissen for spørsmålet frå representanten. Ein kan spørje seg om representanten høyrde svaret mitt. Det er gode tilskotsordningar, bl.a. til at ein kan få til meir aktivitet etter skuletid. Eg har tru på ordningar som gjer at me kan samarbeide meir, slik at ein òg kan få logistikken til å hengje betre saman. Det er heller ikkje slik at «one size fits all», ikkje i det heile. Difor er det heller ikkje slik at nokon blir tvinga til å delta i SFO. Det me veit, er at veldig mange foreldre ynskjer det, og ikkje minst har veldig mange sett pris på reduserte barnehageprisar og SFO-prisar, i tillegg til at me, saman med dei raud-grøne partia, har styrkt økonomien til barnefamiliane heilt sidan 2021. Eg trur òg det kan liggje spennande løysingar i forslaga som fødselstalsutvalet kom med, for òg å sjå om me kan gjera meir for å gjere ordningane rundt barnefamiliane meir fleksible og betre for dei.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
