Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg synest fødselstalsutvalets rapport er kjempespennande, og me kjem til å vurdere fleire av dei forslaga som ligg i den rapporten. Her har òg Stortinget bedt regjeringa om å kome til Stortinget med ei stortingsmelding, så her skal me få mange anledningar til å diskutere dei forslaga som ligg der i tida framover. Eg er djupt ueinig i påstandane i spørsmålet til KrF, for er det noko Arbeidarpartiet har gjort sidan 2021, saman med dei raud-grøne partia, er det å prioritere økonomien til småbarnsfamiliane. Under Støre som statsminister har barnetrygda auka langt meir enn då KrF hadde påverking på statsbudsjettet i landet, og det veit me har mykje å seie, særleg for barn i låginntekt. Det er òg gledeleg at i alle fall sidan eg blei statsråd, har fødselstala auka dei gongene eg har kommentert dei. Det er gledeleg, sjølv om eg er einig med representanten i at dei framleis er på eit historisk lågt nivå.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
