Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 23. apr 2026

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Det finst familiar i dette landet som lever med konstant uro, som søv med telefonen på nattbordet fordi dei ikkje veit kva som skjer i morgon, som ser eit menneske dei er glade i, forsvinna litt meir kvar dag, mens systemet står og vurderer. Eg har snakka med dei familiane og dei pårørande. Dei seier det same: Me ropte om hjelp, me bad, me trygla, men det skjedde ingenting før det var for seint. Dette er ikkje enkelthistorier. Dette er eit mønster. Tilsette varslar. Politiet merkar presset. Kommunane strekkjer seg til det brest, og pasientane ramlar hardt. Kva gjer regjeringa? Dei skriv planar, dei viser til prosessar, og dei peikar på helseføretaka. Det er som å stå midt i ein brann og få tilsendt ein rapport om brannsikkerheit. Me veit kva som skjedde i 2017. Eit nytt krav blei innført: manglande samtykkekompetanse. Intensjonen var nok god. Resultatet har vore brutalt for veldig mange. Kva skjer når ein person er alvorleg psykisk sjuk, men framleis blir vurdert til å forstå nok til å seia nei. Jo, då står hjelpeapparatet der med hendene bundne og ser på at ein person blir sjukare. Det er ikkje verdig. Det er ikkje fridom. Det er systemsvikt. Så kjem hjelpa, men då kjem ho for seint – tyngre, hardare og med fleire tvangsvedtak, fleire innleggingar og fleire rundar i det eg kallar eit psykisk helsevern på rundgang. Eg blir oppriktig provosert når regjeringa lèt som om dette berre handlar om å følgja med og evaluera vidare. Folk der ute lever ikkje i ei evaluering. Dei lever i kvardagen, i frykta og i avmakta. Mens regjeringa ventar, skjer dette. Fleire pasientar går i svingdør mellom innlegging og utskriving. Fleire pårørande står åleine med ansvar dei aldri skulle hatt. Fleire alvorlege situasjonar får utvikla seg lenger enn dei burde. Samtidig har me bygd ned kapasiteten. Døgnplassar har forsvunne. Tilbod blir svekte. Lokale tenester blir vekk. Det er ein farleg kombinasjon. Det blir høgare terskel for å gripa inn og dårlegare kapasitet når ein først gjer det. Det er ikkje politikk, det er risikosport. Framstegspartiet seier at nok er nok. Me må tilbake til eit lovverk som gjer det mogleg å hjelpa når folk treng det, ikkje når det har gått for langt. Me må tora å gripa inn tidlegare når sjukdomen tek styring over livet til eit menneske. Me må ta i bruk all kompetanse som finst, også private fagmiljø, slik at kapasiteten faktisk står i stil med behovet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat