Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg har lyst til å starta med å gratulera folket i Eigersund og i Dalane for vedtaket som eit fleirtal i komiteen har samla seg om. Det er viktig, og det viser at det nyttar å stå på for regionen sin og lokalsamfunnet sitt. Det var eit mektig syn å delta i fakkeltoget i Eigersund. Eg håpa endå fleire høyrde beskjeden som vart gjeve frå lokalsamfunnet. Dei ønskjer å ivareta og oppretthalda sjukehustilbodet sitt. Senterpartiet ønskjer å vidareutvikla det og sjå om me kan gje fleire tilbod til folk lokalt. Altfor ofte vert det sagt at me må sentralisera fordi me ønskjer å gjera tenestene betre. Betre for kven? Det er iallfall ikkje for dei som bur der. Det er folk ein annan plass ein då er oppteken av. Senterpartiet er oppteke av å ha helsetenester der folk bur. I svaret til representanten Toppe sa helseministeren at det finst ei grense for sentralisering. Eg meiner det er viktig at Stortinget no trekkjer opp den grensa når det gjeld sjukehustilbodet i Eigersund. Det er ikkje greitt å leggja det ned. Eg hadde tenkt å bruka innlegget til å gje litt ros til representanten Sandanger for å stilla opp med plakat i demonstrasjonstog. Det står det respekt av. Men eg synest grunngjevinga han leverte frå talarstolen her var med kløyvd tunge. Det er faktisk ein sak for Stortinget om ein skal ha eit sjukehustilbod i Dalane eller ikkje. Å seia at det må eit styre som er meir fagleg kompetent, gjera – nei, me er valde frå Rogaland, og då må me ta stilling til kva for saker som er viktige, og kva for tilbod me ønskjer at folk i fylket vårt skal ha. Eg meiner det vedtaket ein kjem til gjera i dag, er eit varsel til regjeringa om at ein skal vera varsam med ytterlegare sentraliseringar, og at det er eit engasjement på Stortinget for lokalsamfunna rundt om i landet. Ein del av ein levande region og eit levande lokalsamfunn er at ein har godt helsetilbod og sjukehustenester. Det har vore sjukehusdrift og sjukehustilbod i Dalane og Eigersund i lang, lang tid. Det er ikkje noko verken i økonomien vår, i den sikkerheitspolitiske situasjonen, i busetjingsmønsteret eller noko som helst som tilseier at 2026 er året dette skal stoppa. Det er eit politisk val som nokon har prøvt på, og som Stortinget no heldigvis stoppar. (Innlegg er under arbeid)
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
