Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 23. apr 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Då me i Senterpartiet tok initiativ til ein initiativdebatt om industri, så var det to ting me gløymde. Me gløymde å sjekka Stortingets langtidsprogram og me gløymde å sjekka yr.no. Men no er me her, og me har ei god moglegheit til å ha ein viktig debatt om industri. La meg starta med innlegget til komitéleiar Støstad. Eg var einig, trur eg, i kvart einaste ord, men eg tenkjer at me heller skal bruka denne debatten til det som representanten Strifeldt la opp til, nemleg ein ærleg debatt, for det er den debatten Senterpartiet har sakna. Noreg har fantastiske moglegheiter til å skapa meir industri, skapa fleire arbeidsplassar, meir verdiskaping, men me skuslar det ofte vekk, og det må me diskutera. Det er for mange som har som sin jobb å hindra at ting skjer, og så er det for få som har som sin jobb å få ting til å skje. Eg har lyst til å bruka satsinga på grøn industri som eit godt eksempel. Kvar grøne industribedrift basert på den norske skogen som ikkje vert realisert, vil gje mindre vekst i utsleppa i Noreg, både til klima, CO2, og til naturen. Så det er på sett og vis sånn at ein har gjort noko bra for natur og klima i Noreg viss ein hindrar at noko blir bygd. Difor er eg veldig glad for at både klimaministeren og næringsministeren er til stades i dag, for me har aktuelle saker. Norske Skog er eit godt eksempel. Dei har teke initiativ og kutta utslepp, og kva vert konsekvensane deira av det? Jo, Miljødirektoratet har vedteke å ekskludera Norske Skog frå EU sitt kvotehandelsssystem i perioden 2026–2030. Så du har altså ei bedrift som gjer ein stor innsats for å få ned utsleppa, og det ein får tilbake er ei straff. Ein taper økonomisk på å ha vore god. Alle partia – utanom Arbeidarpartiet – på Stortinget har samla seg om eit klart krav til regjeringa: No må de finna ei løysning på situasjonen for Norske Skog. Det er lenge sidan, det var før jul, og me gjekk rundt juletreet og heldt kvarande i hendene, men det har framleis ikkje skjedd noko. Ja, klimaministeren har kanskje gjort jobben sin viss det ikkje skjer noko, men næringsministeren må jo sørgja for at dei løfta som er gitt om å få tømmerstokken til å verta foredla i Noreg, til å skapa arbeidsplassar i Noreg, verdiskaping i Noreg, det krev ein aktiv politikk – og det må me gjera meir av, ikkje mindre av. Men dei norske utsleppa vil jo sjølvsagt verta mindre viss me ikkje gjer noko. Men klimaproblemet er globalt, og dei andre utsleppa vert sannsynlegvis òg større i veldig mange andre land enn i Noreg. Eit anna prosjekt er Billerud Viken, som det opphavleg heitte. Her er det fleire år sidan at statsministeren og dåverande næringsminister Vestre var på besøk. Dei var kjempebegeistra. Det skulle gå så fort å få denne utsleppstillatinga – til den største investeringa i grøn industri i Noreg på 30 år. Dei har enno ikkje fått svar på si utsleppstillating, trass i at både næringsministeren og statsministeren lova at dette skulle gå i rekordfart. Og igjen er det sånn at det blir mindre utslepp viss dette ikkje blir realisert. Det einaste som skjer, er at me sender tømmerstokken til utlandet, og så vert han foredla der. Senterpartiet ønskjer å ta dette inn i Noreg, så eg skulle så gjerne ønskt at klimaministeren kunne sagt i dag: Jo, me har teke det grøne industriløftet på alvor, og me har bestemt oss for at Viken skal få si utslippstillating, for me som regjering – håpar eg Arbeidarpartiet seier – ønskjer å leggja til rette for at denne verdiskapinga skal skje i Noreg. Det kan ikkje vera sånn at det kvar einaste gong er den som ikkje vil noko, som får gjennomslag. Sånn er det på fleire felt. Veldig mange opplever dette når ein ønskjer å starte aktivitet, at statsforvaltaren er ute og seier at du kan ikkje gjera sånn. Ein slit med å få tilgang på straum. Eg tenkjer at regjeringa burde ha ein heilt ny filosofi, med mindre slagord og meir konkrete ting: Kva kan me gjera for at industri vert etablert i Noreg? Og seia til industrien: Korleis kan me hjelpa dykk? For det er ikkje ein god politikk å hindra industriutvikling i Noreg, og at ein flyttar industri ut av landet. Dette håpar eg me kan bruka denne debatten til å diskutera. Ønskjer me å skapa meir verdiar i Noreg, eller synest me det er best at det skjer andre plassar?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat