Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 23. apr 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Ein vakker augustdag i 2022 var forgjengaren til statsråden saman med statsministeren i Hønefoss, på Billerud Vikens fibermassefabrikk – og dei var begeistra. Det vart sagt at utsleppsløyva skulle verta ordna raskt. Det var i august 2022. Tidlegare i år vart svenskane leie av å venta på regjeringa, så dei stakk tilbake til Sverige, og no står Viken Skog aleine med prosjektet. Me nærmar oss no sommaren 2026 – det er svært lenge sidan august 2022. Synest næringsministeren at ho og forgjengaren hennar har levert på løfta om rask behandling og raskt svar til fibermassefabrikken i Hønefoss?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat