Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Jo, men her er me ved kjernen av spørsmålet: Det vert peikt. Når den førre næringsministeren var ute og lovde, er det veldig rart at ikkje denne næringsministeren òg har eit syn på den saka. Men eg skal venta og så stilla det spørsmålet til klima- og miljøministeren. Eg har lyst å gå inn på Fensfeltet, som har vore eit tema her. Me kjem nok til å få høyra mange gonger om behandlinga av den statlege planen, og det skal regjeringa ha anerkjenning for – sjølvskryt skal me lytta til. Senterpartiet har, både samen med Arbeidarpartiet og saman med andre parti, ein ambisjon om å gjera det som står i partiprogrammet vårt: utvikla eit statleg mineralselskap. Men me ønskjer å utvikla anna industri og anna verdiskaping òg knytt til Fensfeltet. Er næringsministeren trygg på at ein vil lykkast med det, eller er det òg her ein risiko for at miljømyndigheitene stoppar alle initiativ, og at ein heller legg til rette for eksport av råvarer, som kan verta foredla i andre land?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
