Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 23. apr 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Industrien er veldig mangfaldig. Ein har f.eks. datasenter, der ein tek straum inn og tek informasjon inn og ut av ein fiberkabel. Det har ingen påverknad på det ytre miljøet. Me ser difor at datasenter poppar opp. Så har ein har andre typar industri i Noreg, f.eks. foredling av tømmerstokkar, som påverkar det ytre miljøet. Me har mineralnæringa – me har veldig mange typar industri som har ein viss påverknad på naturen og det ytre miljøet, og me har sett veldig få etableringar innanfor dette feltet. Prosjektet i Hønefoss ville vera det største på 30 år. No er det eit spørsmål om det vert noko av, sidan det tek så lang tid. Er næringsministeren einig i at me kanskje har køyrt oss litt fast: Industri knytt til datasenter vert etablert, mens ordinær industri, som har noko påverknad på naturen og som gjev klimagassutslepp, vert stoppa av miljømyndigheitene?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat