Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Før jul var alle partia, unnateke Arbeidarpartiet og Venstre, samla i Vandrehallen. Me hadde ein klar bodskap – me forventar at Norske Skog ikkje vert straffa for å ha kutta utslepp, og at regjeringa raskt behandlar klagen og sikrar arbeidsplassane og aktiviteten ved Norske Skog Skogn og Saugbrugs. Det er ekte arbeidsplassar, ekte menneske, og det er ekte verdiskaping som skjer. Det er ein veldig fortvilande situasjon når ein vert straffa for å ha kutta utslepp, og det er eit breitt fleirtal på Stortinget einig i. Me ville gje regjeringa tid til å handtera saka. Det har foreløpig ikkje skjedd noko. Når vil denne saka verta avklara, slik at Norske Skog og dei tilsette på Skogn og Saugbrugs får ei avklaring på kva regjeringa tenkjer?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
