Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 23. apr 2026

Geir Pollestad
Geir Pollestad
Senterpartiet·Rogaland

SakMøte torsdag den 23. april 2026 kl. 10

Innlegget

Eg prøvde å ta ut om det var substans i svaret og eit tidspunkt som kunne gje eit anslag, men det var ikkje mogleg å få til. Vi veit at i august 2022, som det er referert til tidlegare, var dåverande næringsminister Vestre og statsministeren på Hønefoss på Billerud Vikens anlegg. Her vart det lova ei svært rask saksbehandling av utsleppstillatinga. Det er i dag ikkje kome noko svar på det. Svenskane har trekt seg ut av prosjektet. Dette ville vore det største investeringsprosjektet innanfor tømmerindustrien i Noreg på 30 år. Vert ikkje dette realisert, er det liten grunn til å tru at andre vil vera såpass ukloke at dei vel å investera i Noreg. Når kan me venta eit svar på denne søknaden?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Geir Pollestad (Senterpartiet) — Replikk · 23. apr 2026 — OverStortinget